Gå til innhald

Kvardagsnevrotikar og nesten musikar

september 29, 2015

image

Nå er eg nettopp komen heim frå øving med blåsekvintetten eg ikkje spelar i… Dei er veldig flinke musikarar, og eg er med som forteljar. Me skal framføra historia om Babar, den vesle elefanten. Det er laga som ei  musikalsk forestilling, omtrent som den meir kjende historia om «Peter og ulven», som eg hugsar me såg med rikskonsertane på skulen då eg var barn. Musikken er veldig fin. Historia om Babar kjenner eg frå før og kan nestan utanåt etter å ha lese boka utallige gonger for barna mine då dei var små. Ein kan seia kva ein vil om historia om Babar som får status blant dei andre dyra, og blir krona til konge fordi han har lært å oppføra seg som eit menneske, men saman med musikken blir det fint. Det er spennande å jobba saman med så flinke musikarar. Nokre gonger skal eg inn og snakka over musikken, og det er ikkje så lett når eg ikkje les notar skikkeleg og ikkje sit med notebladet framfor meg. Heldigvis har me funne ut at fløytisten kan nikka meg inn på rett plass. Eg er van med å fortelja nokså fritt når eg fortel med barn, men her må eg halda meg tett til manus for å gje musikarane stikkorda. Nå har eg eit par veker på meg til å arbeida historia skikkeleg inn, leita fram rekvisittar og bilete og bestemma meg for kor mykje eg skal vera i rolle som elefant og gammal dame. Det er spennande. Eg har alltid hatt lyst til å vera musikar og spela saman med andre, så dette blir vel sånn omtrent så nær som eg nokon gong kjem til å koma. Premieren skal me ha på Time bibliotek laurdag 17. oktober.

Så har eg tenkt å gje eit ansikt til kvardagsnevrotikarane, eller kanskje snarare hypokondarane blant oss… Denne gongen hadde eg bestemt meg for å forbli roleg og ubekymra medan eg venta på svar frå mammografiundersøkjinga. Det er lettare sagt enn gjort når fantasien tek overhand. Den siste veka har eg hatt vondt i magen kvar gong eg nærmar meg postkassen, og i går då eg hadde skrivedag, tok eg meg i å speida nervøst etter postbilen når tida for postudeling nærma seg. I dag var postkassen tom, og då eg såg brevet liggja på spisestuebordet torde eg mest ikkje opna det. Eg skalv på hendene og var klar for det meste.

image

Eg registrerte at det bare var eit ark i konvolutten og håpa det var eit godt teikn… Heldigvis har dei vit til å skriva den glade bodskapen med krigstypar slik at det er det første eit nervøst auga finn fram til. Det første eg tenkte var at dei kanskje hadde send meg feil brev og at det kom kontrabeskjed i morgon. Det neste eg las var at det stod i ein bisetning at det var ikkje alltid ein oppdaga kreft ved mammografi. Så tok eg til vit og vart letta.

Eg veit at eg burde skamma meg over å reagera så tåpeleg… Eg likar å sjå på meg sjølv som eit roleg og avbalansert menneske med robust psyke… Me har vel alle ein akilleshæl eller to. Eg er ikkje redd for så forferdeleg mykje… Bare for sjukdom, at det skal skje noko med barna mine, for å reisa med fly og for å kjøra bil utanfor min komfortkjøresone; som forøvrig går nordover til Kleppe, sørover til Ogna og austover til Ålgård… Det er jo ikkje sååå mykje… Sånn ca innanfor normalen kanskje? Eg må skunda meg å fortelja at eg ikkje er redd for å snakka i store forsamlingar, dumma meg ut offentleg, be om unnskuldning, skriva kva som helst, eller å møta nye menneske… Kanskje det oppveg litt for nevrosane? Det er merkeleg kor forskjellig me er skrudde saman… At eg ikkje er spesielt glad i tannlegebesøk, reknar eg og for å vera sånn ca ganske normalt.

Nå er ikkje prosjektet mitt i dag å blottleggja meg heilt eller noko liknande. Eg tenkte bare rett og slett at i ei verd der me trur me må vera så flinke og dyktige, så kan det vera greitt å våga å stå fram med det som er nokså svakt og tåpeleg og… Og så veit eg av erfaring at me taklar meir enn me trur kvar gong me må. Av og til er det bare så veldig deilig å sleppa…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: