Gå til innhald

Eg vakna og det var blitt oktober

oktober 1, 2015

image

Blada gulnar enten me vil det eller ikkje, og ei ny årstid skal røra oss. Ubegripeleg nok så begynner haustferien i morgon. Etter kvart skal me setja oss på eit fly som går sørover for å besøkja svoger og svigerinne i Spania. Eg veit av erfaring at når flyet er trygt nede på bakken så er eg eventyrlysten, nyssgjerrig og klar for ferie, men eg har ein tendens til å fortrengja litt at eg skal ut på turar som involverer å bli transportert i lufta… Nå skal eg heller fortelja om ei reise eg bestilde i går, som er heilt min type reise. Eg skal på helgetur til Mosjøen ei helg i oktober, og turen går med tog. Takka vera sympatisk korresponderande rutetabellar, så let det seg gjera å forflytta seg frå Bryne heilt til Mosjøen på nokså nøyaktig eit døgn. I Mosjøen bur nevø Arild med sin Hege og tre små barn, og eg skal hjelpa Eva Mari litt med barnevaktoppgåva ho skal inn i. Helga må bli litt oval for at det skal gå opp, men eg har heimejobbedag på måndagane og så har eg byta meg til ein frifredag. To døgn på reise og to døgn i Nordland. Eg gler meg veldig.

image

I kveld lukta det nydeleg av brød i heile huset då eg kom heim. Ikkje mange ting luktar så godt som nybakt brød. Etter eit kvarters tid stod heimebakaren min der med eit halvkuleforma grytebrød i hendene. Eg skulle bare smaka litt, men dei fleste veit kor fort varmt brød med smør glir ned halsen. Den som bare vil smaka bittelitt gjer klokast i å halda seg heilt unna. Det var stappfullt av sunne kornsortar, så verre utskeiingar kan vel tenkjast. Det er ikkje rart at dei sa før i tida at ein aldri skulle eta varmt brød. Dersom familien var blitt slepte laus på noko slikt, så hadde vel brødforbruket auka til det doble.image

Trøytt og litt ør etter ein lang arbeidsdag, så skal eg ikkje bli sitjande lenge ved tastaturet i kveld. I morgon ettermiddag må eg skriva to songar og baka eit stort sukkerbrød før eg skal ut om kvelden. Eg burde nok heller bruka tankane på det.

Til slutt kostar me på oss ein kveldssong skriven a av Clemens Bretano for om lag to hundre år sidan. Han er omsett til norsk av Åse Marie Nesse

Kveldssong

Høyr ei einsleg fløyte klagar
brunnar susar kjølegmilde,
og dei gylne tonar svagar-
la oss lyde, stille, stille!

Løynleg lengt og fagre draumar
talar ljuvt til hjarta att.
Lyset stig frå toneflaumar
famnar meg i mørke natt.

Clemens Bretano

 

image

Heidi

From → haust

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: