Skip to content

Høgt til fjells

oktober 10, 2015

image

 

I dag tok svoger Joffe oss med på ein kjempefin tur opp i fjella. Først køyrde me forbi runde åsryggar med mange kvite vindmøller på. Me passerte og eit stort turkisfarga vatn der folk bada og fiska.

image

Den turkisblå fargen var så fin mot det gyllenbrune, golde landskapet. Dersom du ser godt etter på biletet, så går det an å skimta vindmølleparken mot horisonten.

Etter å ha teke av frå hovudvegen køyrde me oppover og oppover på smale, bratte og svingete grusvegar gjennom skogar med store furutre av eit slag med mange tusen store konglar på. Til slutt gjekk det rett opp, og det var så smalt at bilar knapt kunne passera einannan. Eit lite stykke køyrde me over ein smal egg der det var stupbratt ned på begge sider. Eg fekk assosiasjonar til Besseggen, sjølv om det er ein plass eg aldri har vore og nok aldri kjem til å koma… Heldigvis var vegen relativt brei akkurat der, og det var solide autovern på begge sider. Det var bare å sjå rett fram og vera glad for at ein ikkje sat bak rattet. Oppe på toppen var utsikten omtrent som på det øverste biletet.

Der oppe var det ein fin utsiktsplass, og av alle ting så haldt det til ein stor flokk gribbar der som segla forbi oss fleire gonger. Eg prøvde å telja dei, og det må ha vore minst femti fuglar i flokken. Visstnok legg dei ut åtseldyr i området for å halda på gribbane. Eg har alltid tenkt at gribbar er relativt fråstøytande skapningar, men der dei låg og segla under himmelen med store vengespenn, så virka dei flotte og nesten majestetiske.

image

Oppe på toppen var det og ein liten restaurant der me sette oss med kvar vår kopp te eller kaffi. Utanfor var det stolar og kafebord under ein druedekt pergola. Eg la merke til at det og var fuglar i små bur der ute. I dag morges hadde Elisabeth fortald meg om ein merkeleg spansk skikk. Dei fangar fuglar om sommaren og har dei i små bur heile vintaren for å få høyra fuglesong. Til våren blir dei slepte ut fordi ein fanga sangfugl sluttar å synga etter ein vinter i bur. Om det var denne skikken eg såg praktisert her, veit eg ikkje.

 

image

Det såg trongt og ubekvemt ut i alle fall.

image

I eit av bura sat det ei due. Det kom flygande ei fri due som sette seg utanfor sprinkeldøra. Slik sat dei og kurra til kvarandre. Kanskje det med duene var eit ledd i dueavl? Uansett så var det eit ganske rørande syn…

image

Etter å ha kjørt litt nedover att, kom me til ein turveg der folk gjekk på trapper og stillas som hang utanpå den glatte fjellsida. Det var definitivt ikkje noko eg fekk lyst til å prøva meg på, men det er viss ein veldig populær tur.

image

Den horisontale stripa på fjellet her er vegen, og dei bittesmå figurane er folk som går. Dette var og eit område for fjellklatring. Me åt kjempegod lunsj på ein koseleg restaurant like ved. Det er veldig lurt å reisa med kjentfolk som både er gode guidar og veit kor det er lurt å stoppa.

Omtrent akkurat der hadde eg brukt opp batteriet på mobilen, så eg fekk ikkje fotografert i dei små landsbyanefulle av kvite hus som klamra seg til fjellsidene.

Tidleg på kvelden gjekk eg og Leif ein tur i nærområdet. Det er fint her og. Det er store kontrastar her mellom frodige frukt- og blomsterhagar der det blir vatna og dei golde og tørre områda som ikkje blir vatna. Der veks det nesten ingenting, men nokre stadar er det høge tistlar.

image

Me gjekk nesten opp til byen, og fann oss ein benk i ein park.

image

Der i frå me sat hadde me utsikt ned mot området der fincaen ligg. Det såg slik ut.

image

Som ein kan sjå av bileta, så er det veldig tørt her. Regnet pleier å koma i oktober, så nå går folk her og verkeleg lengtar etter regn. Det er faktisk meld på vermeldinga at det første regnet skal koma i morgon. Kanskje den siste feriedagen vår vil visa seg å vera ein regnversdag. Det får me i så fall tola, og prøva å gle oss med bøndene i området…

Heidi

From → Natur, Reiser

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: