Haustvise – endå ei…
Det må vera noko spesielt med meg og hausten og visetekstar. I ettermiddag har eg site i den gode varme spanske oktobervarmen og skrive ei norsk haustvise. Eg byr på teksten sjølv om det godt kan tenkjast at eg får lyst til å forandra på noko:
Der ute flokkast fuglane,
dei skriv med heilag penn
på himmelen sitt noteark
ein song om haust igjen.
Kom hit til meg og møt meg,
eg er ikkje redd for haust,
for me veit alt om stormar,
og låtten vår sit laust
*
I hagen takkar sommaren
og opnar opp ei dør,
me høyrer hausten sin musikk,
ein song me kan frå før.
Eg kjem på bare føter,
kan du høyra det er meg?
Ja, høyrer du på stega
det er eg som kjem til deg?
*
Nå spelar livet tonane
i sitt mysterium,
og tida reknar timar
mot ein ukjend endesum,
men blomar blømer modig,
for endå finst her tid,
me er her begge framleis,
hald godt fast i handa mi.
Heidi