Gå til innhald

Alhaurin og Edens hage

oktober 9, 2015

image

 

Dette er litt av dammen i hagen. Det er ikkje rart eg føler at eg er i Edens hage eller noko liknande.

image

Det er ei ny oppleving å kunna eta fiken rett frå trea. Ferske fiken smakar kjempegodt.

 

image

Det same gjer sharonfrukt. Dei smakar heilt fantastisk. Faren er å for- eta seg noko grundig…

image

I dag har me kjørt over fjellet til Mijas for å sjekka at huset til den andre svogeren og svigerinna mi hadde det bra. Det såg godt ut. Ingen innbruddsforsøk og ingenting som var øydelagd av ver eller vind.

Etter ein fin tur tilbake med innlagde avstikkarar på ekstremt smale, bratte og svingete vegar, hoppa me av bilen for å sjå nærare på Alhaurin el Grande. Slik ser byen ut på avstand.

image

Og slik ser det ut i dei smale gatene i byen.

image

Eg må innrømma at dette biletet lyg litt, for det er ingen menneske, mopedar, hundar eller bilar på det. Det er lov å kjøra bil i mest alle gatene i byen, for det meste begge vegar. Det gjer at det er ganske trongt og ganske bråkete å bevega seg der. Men folk er veldig blide og hyggelege. Dei fleste smiler og nikkar, sjølv til oss turistar, og nokre helsar høgt «tardes!» – God ettermiddag.

image

Me sette oss på ein liten kafé på torget for å eta litt. I dag gjorde me det relativt enkelt. Rista brød med Filadelhiafiaost og røykelaks til reisekameraten, og rista brød med kvit geitost og tranebærsyltetøy til meg. På den lokale mercadonaen var me imponerte over utvalget. Dette er ulike typar blekksprut som ein kan kjøpa med seg og tilbereda heime…

image

Tilbake på fincaen vart det meir hageliv og ein times spasertur langs vegen. Eg må leggja ut litt fleire bilete frå det bare fordi at det er så fint her. Eg sat ei stund i hagen og skreiv i den gode varme sola. Det var så fint.

image

Granateple er ei takknemleg frukt å fotografera.

image

Denne blå klatreplanten er visstnok eit skikkeleg ugras som det er utruleg vanskeleg å bli kvitt. Dei er så fine i fargen og veldig dekorative enten det er ugras eller ikkje.

image

Ettermiddagslyset var så fint.

image

Eg blir alltid så imponert over blomar som veks seg gjennom asfalt og hardtrampa grus. Denne gjekk me forbi på gata.

image

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: