Årstida for mørke ettermiddagar og kveldar
Det er årstida for mørke ettermiddagar og kveldar. Plutseleg bare er ho her, den mørke tida av året. Nå kjem morgonane og kveldane til å bli mørkare og mørkare fram mot jul. Eg liker dette mørket, samtidig som eg kan forstå at det kan bli for voldsomt for mange. I går fekk eg lokka med meg Leif ein liten tur inn til byen fordi eg opp dei vinterskoa eg kjøpte på laurdag, og som eg var overlukkeleg for å ha funne, viste seg å vera litt tronge då eg kom heim… Heldigvis fekk eg bytta dei i ein storleik større, så nå burde alt vera bare bra. Lysa var tende i gatene, og i «fargegata», der eg aldri klarer å la vera å fotgrafera, så var det tend lysgirlander høgt over bakken. Det var fint. I fjor hadde eg ei kjensle av at året gjekk rett frå seinsommar til førjulstid, og den same opplevinga har eg i år. Det må ha noko med det flotte haustveret me har hatt to år på rad å gjera…
Me var ganske svoltne etter å ha reist rett frå jobb, så på heimvegen var me innom Ikea og åt middag. Der serverte dei mellom anna ein vegetarrett dei kalte grønsaksbollar, og det smakte kjempegodt. Inne på Ikea var det alt for tidleg julepynta, men i motsetnad til den opplevinga eg har hatt med det same tidlegare år, så opplevdest det faktisk ikkje provoserande. Det var reine julestemninga der med lukter av pinnekjøt og ribbe og surkål frå restauranten og masse julepynt. Midt i kjøkkenavdelinga hadde dei plassert ein steikeomn der det stod ei dame med juleforkle på og steikte peparkaker. Desse vart delt ut til kundane, og dei mindre standhaftige av oss mumsa fornøgd i seg eit nysteikt juletre laga av ikea sin peparkakedeig. Det var nok eit godt salgsknep, for peparkaker er unekteleg noko som lukter usannsynleg godt. Det var bare så vidt eg styrde unna boksane med peparkakedeig. Derimot reiste eg heim med adventservietter og stikkutformer til å laga tredimensjonale peparkakejuletre og stjerner som ein kan pynta bordet med. Eg la og diskret i korga ei stor adventstjerne i papir til å henga i tak eller vindu for å lysa opp i advent- og juletida.
I går prøvde eg å gå inn for tidleg landing, men det er eg ikkje flink til. Då klokka nærma seg halv tolv, tikka det inn ei melding frå ein musikar eg har samarbeida med. Ho hadde fått lyst til å laga ein julesong og lurte på om eg hadde ein tekst liggjande. Det trudde eg først ikkje eg hadde, men så kom eg til å tenkja på at for eit par år sidan så skreiv eg eit par julesongtekstar som eg aldri heilt fekk brukt. Eg stod opp for å leita på harddisken, men det viste seg å vera vanskeleg å finna fram. Til sist fann eg eit par tekstar, men var usikker på om det var dei endelege versjonane. Eg leita og på bloggen min utan å finna noko. Ved midnatt, medan eg sat og leitte kom det opp noko i facebookfeeden, den funksjonen som heiter «Minne frå tidelegare år», eller noko slikt. Der kom det ein juletekst opp på skjermen som viste seg å vera lagd der for på dagen to år sidan. Av og til opplever eg så veldig rare ting, spesielt rundt skrivinga mi, tilfeldigheiter kan vera så rare. Matematikarane mellom oss meiner at rare samantreff skjer alle med jamne mellomrom. Dei mest åndeleg fokuserte av oss vil vera skråsikre på at det av og til går englar gjennom roma. Eg trur på både matematikk og englar. Det spørs kva del av meg som for spørsmålet og kor tid det blir spurt… Nå ser det ut som om den eine teksten min er i ferd med å få seg venger i form av ein melodi, og eg gler meg til eg kanskje etterkvart får lov til å la songen fly gjennom bloggen min.
Dei same tusen kråkene som sat i treet utanfor skulen i fjor vinter, er nå på plass att. Eg er ikkje skråsikker på om det er kråker det er, men trur det må vera ein eller annan slags kråkeart. Dei er svarte og dei sit tettare på greinene enn epler på eit epletre. Det er alltid mørkt når dei sit der, og når det lysnar lettar dei i store flokkar og flyg som ein myggsverm rundt husa før dei forsvinn i dagen. Framleis er det så lyst at dei tek morgonflyginga si før elevane kom, men eg hugsar at i fjor var det nesten magisk då me kunne sjå frå klasseromsvindauget, sånn omtrent halvvegs i morgonsamlinga at kråkene letta frå trea. Det er i alle fall blitt mørkt nok nå til å helsa dagen velkomen med eit lys. Det er noko barmhjertig over det å la dagen begynna med tusmørke, stearinlys og litt lågmælte tankar.
I dag kom eg heim til ein røykvarslar som peip intenst og skjerande kvart andre minutt. Eg forstod at det betydde at batteriet var i ferd med å ebba ut, men gjorde ikkje noko med det fordi eg trudde me måtte kjøpa spesialbatteri, at eg ikkje ville klara å nå opp til røykvarslaren og at eg trong verktøy til å opna han med. Etter to og ein halv time med piping oppdaga eg at det var nok å stå på ein stol, at me hadde rett type batteri, og at det var lett å opna han… Eg kjende meg som ei skikkeleg handy-kvinne etter å ha fiksa det. I alle fall gjorde eg det heilt til akkurat nå, for nå høyrer eg at det pip igjen… Eg får ta meg ein runde og sjå om det er ein av dei andre røykvarslarane som og treng batteri, eller om det er den same som har begynt å pipa igjen….
Ha ei god «mørketid» alle saman…
Heidi