Gå til innhald

Fred over jorden…

november 14, 2015

image

Framleis veks det prestekragar og andre blomar i verandapottene mine, og det er midt i november. Livskreftene er sterke. Måtte dei gode livskreftene og ømme kjensler for at menneskelivet er ukrenkeleg, gjera menneskehjartene varme og kloke.

I går var eg på kurs i Stavanger om interkulturell kommunikasjon. Øyvind Dahl var ein varm og klok forelesar, og i eit lite konferanserom med plass til omtrent tjuefem tilhøyrarar sette me seks frå Bryne skule oss tett saman på bakerste benk, nesten litt som fnisete tenåringar som for ein gongs skuld ikkje trong å vera den som hadde kontrollen på og oversikta over det som skjedde i romet. Det er godt å vera den som tek i mot, spesielt når foredragshaldaren har kloke tankar å koma med som kan utvida tankefelta våre litt. I pausen fann me eit bord i den store messehallen og åt pastasalat og drakk kaffi.

Eg gjekk ein tur i kveldsregnet og gjekk meg til gnagsår i dei nye skoa. Så pakka eg meg inn i eit teppe og såg på gamle episodar av Lindmo og Skavlan. Eg var i eit modus der eg hadde lyst til å lytta til livshistorier frå levande menneske. Etter å ha sett ein direkteepisode av Skavlan fann, eg fram nokre biografiske bøker eg har hatt lyst til å lesa. I dag morges vart eg liggjande å lesa i to og ein halv time. Vetle Lid Larssen si bok om han og far hans, rørte meg djupt. Eg gledde meg til å stå opp til kaffi, varme havrepannekaker og heimekokt eplemos. Eg skrudde på radioen og dei snakka med roleg stemme om «terrorhandlingane» i Paris. Eg trudde ikkje mine eigne øyre, og forstod ikkje hielt kva dei snakka om, men sidan det var ei nyheitssending, så tenkte eg at etterkvart ville eg få med meg kva som hadde skjedd. Eg la meg i går kveld og ante ingenting, og i dag morges visste heile verda at noko forferdeleg hadde skjedd. Etterkvart fekk eg eit bilete av hendingane medan eg sat på det stille kjøkkenet mitt med kaffi i ein lilla kopp med roser på medan haustregnet pøste ned og katten skrapte på døra og ville inn. Eg sit og skriv med radioen på, og høyrer akkurat nå at Gatwick flyplass er evakuert på grunn av ein mistenkjeleg pakke.

Det er rare tider me opplever akkurat nå. Me blir utfordra frå mange retningar, og det er lett å bli fortvila og forvirra. Mi bøn til Gud er at me må få varme hjarte og klare, kloke tankar. Dei fleste av oss kan ikkje setja oss ved dei store spakane som styrer internasjonal politikk i den graden slike spakar måtte finnast. Det me alle har fått utdelt er eit menneskeliv å høyra heime i og eit handlingsrom rundt oss som me kan operera i. Eg håpar me blir flinke til å skjelna det viktige frå det uviktige og det gode frå det forvirrande og mørke. Eg vurderte lenge fram og tilbake på kva eg skulle kalla den nye diktsamlinga mi. Nå veit eg at tittelen er heilt rett. «Ta heller med deg hjartet ditt,» seier eg til meg sjølv og til alle andre. I forvirrande og urolege tider trur eg det er det klokaste me kan gjera.

Heidi

From → blomar, haust, håp, Mot, Politikk, sorg, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: