Skip to content

November i byen

november 9, 2015

image

I helga fekk me Sunniva heim på besøk. Det gjorde at me fekk ei skikkeleg familiehelg, for alle hadde lyst på tid i lag med henne. Me sakna bare yngstemann, så hadde alt vore komplett. På sundagen reiste meg og jentene på bytur til Stavanger. Dei hadde spådd litt både-og-ver, men me var såpass tidleg ute at me var på veg tilbake til bilen då regnet kom for fullt. Byen kledd i haustfargar er eit ganske fint syn, og er ein i det rette området, så er byen i seg sjølv ganske fargerik og.

image

image

image

Me åt god lunsj på Sting og spaserte rundt i gatene utan så mykje meir mål og meining enn å ha det fint i lag. Om kvelden fekk Odd Christian, Leif og Oddvar og vera med på familiekveld med tacos, paiar og riskrem med innlagde brettspel. Det var nesten så me fekk litt ulovleg tidleg julestemning i huset. På sundag feira me farsdag og familiereunion med vaflar, eplekake og kaffi til alle mann, før me tok med Sunniva til Ålgård på kjøttkakemiddag slik at ho fekk helsa på mormor og morfar og. Så var helga over og den heimvende dottera måtte tilbake til Oslo for å vera klar til praksisperioden som tok til i dag.

image

Før hauststormen sette inn i gårkveld hadde eg heldigvisfylld vasane mine med blomar frå bed og verandapotter. Det er jo utruleg å kunna plukka blomar i hagen langt inn i november. Nå vil det visa seg om dei klarer seg ei veke til slik at det blir blomar neste helg og.

image

I dag er det første skrivemåndagen min på nokre veker. Det er så mykje eg gjerne ville ha rukke på desse måndagane, og timane går så utruleg fort. Eg hadde tenkt å avrunda skrivedagen med å skriva eit par gammaldagse brev dersom eg rekk det. Eg har ei fortid som pasjonert brevskrivar. Eg hugsar i studietida at det hende eg fekk både fire og fem personlege brev på same dagen. Eg hugsar og kor spennande det var å opna postkassa for å sjekka om det var brev der. Dessverre er den kunsten nesten døydd ut, sms-ar, mailar og sosiale media har overteke, men dei kan ikkje heilt erstatta dei gammeldagse breva…. Eg tek nok ut mykje av den same skrivegleda her på bloggen som eg tidlegare la i å skriva brev til vennene mine, men av og til får eg rett og slett så veldig lyst til å skriva brev, og då hender det at eg gjer det…

image

Denne grafittien fotograferte eg på ein vegg i Stavanger. Eg går ut frå at det er eit bestillingsverk heller enn spontan illegal gatekunst. Eg lar meg sjarmera. Eg er svak for fargar og figurar. Eg er svak for byar og, har eg funne ut. Eg har eigentleg alltid tenkt at eg ikkje var eit storbymenneske, men eg oppdagar at eg på mange måtar har større dragning mot lange vandringar i byar med innebygde kaffipausar enn tilsvarande turar i naturen…  Eg tek med eit bydikt heilt til slutt som vel kombinerer begge deler. Det er skrive av Rolf Jacobsen, ein av mine mange favorittar…

Fortauene

Det er fortau for alt.
Det er fortau for migrene
og forelskelser under trær.Det er fortau hvor de selger levende kaniner
og fortau for pelsverk og militærorkestre.
Det er fortau hvor de sover på ristene
fortau for rushtid og for store snefall.
Det er fortau for middelstore bekymringer
og fortau for en mistet rose.
Det er fortau som en gang skal være fremme ved verdens
ende
og rope ut til himlene og til havet:
Her er vi med dem.

Rolf Jacobsen

 

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

From → Barna mine, haust, Poesi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: