Gå til innhald

Snart advent

november 27, 2015

image

Eg må innrømma at adventstida faktisk kjem litt som julekvelden på kjerringa. Dagane går så fort at eg mistar oversikten. Etter å ha skrive julesong, laga julebok saman med skriveelevane mine og vore med på siste innspurt rundt julemessa i kyrkja, burde eg vel ha fått med meg så pass… Eg tenkte å ta dei som les med inn i det romet der det er klart for julemesse i morgon. Eg fekk barnsleg lyst til å vinna dokkevogga på biletet. Eg fekk forresten ei raud dokkevogge til jul ein gong, og eg hugsar den magiske kjensla. Bestemor hadde sydd dyne, pute og madrass til vogga som var laga av kryssfiner, trur eg.

image

 

Desse barnemøblene skal og loddast ut. Me hadde nokre veldig liknande i raudt. Desse er laga på Åna, og det trur eg våre møblar var og. Eg trur nesten at foreldra mine har dei framleis. I tillegg var det ein kommode til dokkeklede akkurat som på biletet her.

image

Julemessa er noko av det mest velorganiserte dugnadsarbeidet me har. Her er deler av riggegjengen i full gang. Salsborda blir fylde med blomsteroppsatsar, dekorasjonar, konglekransar, heimebakte kaker, heimelaga handarbeid og diverse anna som folk har lyst til å gi til julemessa. Det er opning i morgon klokka elleve med eit opningsmøte, åresal, varesal og kafeteria.

imageBare for å visa fram bittelitt. Her er pannebandt til barn med sauer og refleksgarn…

imageHer er dokkekledde og sengesett…

imageLysestakar i sement, heimebakte julekaker, heimelaga godteri, vottar, sokkar, luer og mykje anna.

image

imageOg kristtorn med så mykje bær trur eg aldri eg har sett…

image

Eg er i grunnen litt stolt over det å vera ein del av ein dugnadskultur. Framleis står dugnadsånda sterkt på desse kantar av landet, og der trur eg det ligg stor verdi. Det er fint å få til noko saman med mange andre.

Og i morgon får eg det og litt travelt, for då skal eg baka bløtkake til julemessefesten klokka seks, og sjå nærare på talen eg har lova å halda der. Eigentleg så forundrar det meg litt alle desse rare tinga eg kastar meg uti. Nå og som festtalar… Men det kjennest som noko eg har lyst til å gjera, og det er vel det viktigaste…

Dersom nokon lurer på om dette innlegget er inspirert av målet å dra folk til julemessa, så er svaret ja. Det er alltid fint at det kjem folk på arrangement nokon lagar i stand. Men eg hadde ein tanke til bak dette, eg hadde lyst til å lukka døra litt på gløtt til eit av dei roma der eg kjenner meg heime, for å visa kva som mellom anna foregår der.
Med det forrige innelgget i minne, så kan eg jo oppfordra folk til å kjøpa nokre av julegavane på slike stadar som dette, der det ligg meir enn reine marknadsinteresser bak. Det er fint å kunna kjøpa noko som er laga med glede og overskudd og ingen annan forteneste, og det er fint å kunna støtta ei god sak, som eg reknar med er kyrkja sitt barne- og ungdomsarbeid slik det alltid har brukt å vera.

image

Til slutt må eg visa eit bilete frå eit av mine andre rom i nesten bokstaveleg forstand. I lag med skriveelevane mine held eg på å laga ei biletbok om julenissen som fekk seg i-phone og plutseleg følte seg sidrompa, utdatert og nissete. Han fann ut at noko måtte gjerast, for nå ville han og ha sixpack og kule klede. Han starta med intens trening og kjøpte seg lærbukse, tatoveringar, rastafletter og eit gullkjede til å ha rundt halsen. Han meinte at dette ville gjera han til ein meir attraktiv mann. På collagen over står han framfor spegelen og fleksar musklar. Kva utslag dette vil gjera for nissen på sikt, vil eg ikkje røpa her og nå…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: