Gå til innhald

Tema klima

november 25, 2015

image

Det er så lett å gå rundt og tenkja på alt ein burde har gjort. Det er ofte vanskelegare å gjera noko med det. Av og til viser det seg at det går lettare enn tenkt å få til ting om  ein bare får setja nokre idear i system. Litt sliten og utlada etter ein arbeidsdag og fire fine utviklingssamtalar etter vanleg arbeidstid, sette eg meg ned framfor fjernsynet. Nokså tilfeldig så fann eg eit program på NRK med temaet «Tema klima» som vart send direkte frå Gardermoen flyplass, der dei snakka om miljøgiftsparande tiltak dei ville utfordra folk til å setja i gang. Dei sa og at den viktigste faktoren for å få dette til i praksis er at folk inspirerar kvarandre. Det fekk meg til å tenkja at eg kanskje burde skriva litt om småting me har gjort i heimen i tilfelle me kunne inspirera nokon…

I sommar på Korsveifestivalen møtte me både bibeltimehaldarar, foredragshaldarar og andre festivaldeltakarar som var veldig opptekne av korleis ein i praksis kunne leva meir miljøvennleg. Me bestemte oss for å prøva å ta nokre små sjakktrekk i rett lei. Ein av dei som hadde ordet gav rådet å ta ein nytt steg kvar månad, slik at ein me små steg kunne opparbeida nye vanar og få nye haldningar.

Eg må innrømma at eg har ligge svært lågt i terrenget med dei små eksperimenta våre. For det første så vil eg veldig nødig framheva oss sjølve som folk som trur dei får det til og som trur dei er flinkare enn andre. For det andre kan det jo vera at desse tiltaka etterkvart dett til bakken med gedigne mageplask slik at alle ser at me mislukkast. Slikt kan nemleg fort skje. For det tredje så kjennest det ikkje som om me har anstrengt oss så veldig, og for det fjerde er jo dette eit område der det framleis er mykje synsing om kva som nyttar og ikkje. Det er lett å tenkja at små tiltak i eit hjørne av Norge ikkje påvirkar situasjonen globalt i det heile tatt. Det arvumentet ser eg. Det finst til g med dei, nokre av dei kjenner eg ganske godt forresten, som framleis ikkje går med på at klimaendringane er menneskeskapte. Eg skulle i grunnen ynskja at eg delte den overbevisninga, men det gjer eg ikkje…

Det første og minste skrittet:
Ikkje kjøpa bereposar i plast til å frakta varene heim frå butikken. Dette har eg tenkt i fleire år utan å få til å praktisera det skikkeleg. Nå har eg klart meg heilt utan bereposar, bortsett frå i eit einskild tilfelle. Trikset er å ha handlenett i stoff liggjande overalt, både i vesker, sykkelkorger, gangar og i sykkelkorga.

Eit litt større skritt:
Ikkje bruka bilen i tide og utide. Me har faktisk kjøpt oss el-bil for eit år sidan, men dei brukar jo energi dei og. På fjernsynet oppfordra dei alle til å begynna med ein bilfri dag i veka. Me har mange bilfrie dagar i veka. Me er så heldige å ha jobbane våre så nære at det går like fort å sykla som å gå. Eg har bare brukt bil til jobb i 2-3 tilfelle  haust, og då har det vore spesielle grunnar til det. Ei unnskyldning for å ta bilen er at me skal handla på heimvegen. Me har fått oss ekstra sykkelkorger slik at me får med oss mykje sjølv på sykkel. Eg har ei på sykkelstyret og ei på bagasjebrettet. Korleis det blir med syklinga når snøen og hålka set inn vil tida visa…

Eit skritt som har forundra oss:
Me fann ut at me skulle begrensa bruken av kjøt og spesielt av raudt kjøt. Dette har vore så lett at me nesten utan å merka det har levd omtrent som vegetarianarar. Me har ete fisk 2-3 dagar i veka og vegetarmat dei andre dagane. Me har ikkje kjøpt kjøtpålegg. Vegetarianar har me ikkje blitt. Me et kjøt når me får det servert hos andre og me har servert kjøt av og til når me har gjester, kjøtkaker, fårikål og kyllingsuppe. Dette ser me mest på som eit eksperiment. Eg veit ikkje om me kjem til å fortsetja med det, og på julaften skal me eta pinnekjøt med stor glede.

Eit skritt me ikkje har klart å gjennomføra:
Eg hadde ein ambisjon om ikkje å kasta mat. Her kjem me framleis sørgjeleg til kort. Me er ikkje flinke nok til å planleggja, og me har framleis ikkje forstått heilt at me er ein familie på to og ikkje ein familie på seks. Det er farleg fort gjort at ein bunt gulrøter blir liggjande å skrumpa inn, eit rømmebeger blir ståande å mygla eller ein mjøkekartong plutseleg har stått to veker for lenge. Me er ikkje store mjølkedrikkarar. Her har me eit stort utviklingspotensiale.

Eit skritt eg ikkje får lov å skryta av:
Eg er ikkje komfortanel med flyturar, og flyr så lite eg kan. Det blir derfor fnyst av meg i dei fleste samanhangar der eg hevdar at eg tek toget for å reisa miljøvenleg. 😉 Det blir med ein viss rett påstått både her og der at dette er kamuflert flyskrekk og ikkje idealisme. Så lenge eg er så glad i å reisa som eg er, så blir det vel ein og annan flytur framover og, men dersom det ikkje ligg heilt spesielle tidsbegrensningar til grunn, så er det uaktuelt å for eksempel ta fly til Oslo eller Bergen.

Eg er ikkje fanatikar, men av natur er eg nok ein type menneske som godt kunne ha blitt det. Eg har i meg ein stor trong til at det eg gjer vil eg gjera skikkeleg. (Det viser bare ikkje så godt alltid). Eg meiner at fanatisme fort kan bli farleg, og saman med fanatikaren lever det og ein livsnytar i meg. Derfor blir det vel på eit vis ein slags balanse. Eg er ikkje oppteken av at alle burde gjera det same som oss. For meg er dette kanskje mest av alt noko det er litt spennande å prøva ut. Dette var eit innlegg frå ein vaklande idealist som har eit grunnleggjande ynskje for både å få barnebarn og om at dei skal veksa opp på ei jord der det er reint vatn og frisk luft.

Er dette eit provoserande innlegg? Kanskje det er det sjølv om det ikkje var slik meint. Eg vil gjerne høyra kva andre tenkjer om desse tinga, og eg vil gjerne la meg inspirera av andre sine erfaringar. Og sidan eg er ein rotekopp som heilt opplagt har mange ting eg ikkje fiksar på ein politisk korrekt måte, så reknar eg med at lesarane mine taklar ein liten rapport om eit til nå litt vellukka eksperiment.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: