Skip to content

Luke ni Buna dimineata sterra me

desember 9, 2015

image

Buna dimineata, sterra me. God morgon, mi stjerne.
Buna dimineata, flora me. God morgon, min blomst.

Labas rytas, draugas. God morgon, venn.

Asalam alechum.  Guds fred

Etterkvart har me barn av mange nasjonalitetar på skulen. Eg har alltid vore svak for ord, og prøver å læra meg nokre ord, i det minste ei helsing på barna sine språk. På nokre språk er det forbausande vanskeleg.

Eg har i fleire år hatt litt ekstra ansvar for ein del framandspråklege barn.
I veke etter veke sat eg for nokre år sidan og øvde inn norske ord med eit polsksrpåkleg barn. Me hadde bilete av begrepa og orda på både polsk og norsk. Eigentleg er det skremmande kor lite polsk som festa seg. Eg kan seia lue, støvlar, katt og eple på polsk, men må glatt innrømma at det aller, aller meste har eg gløymt, eller rettare sagt aldri lært

På rumensk lar det seg gjera å hugsa orda lettare fordi rumensk liknar veldig på italiensk som eg ikkje kan, men som liknar på spansk og fransk som eg har eit minimumsordforråd på. Om det skulle trengast, så kan eg nokre ukvemsord på litauisk som ropt ut med den rette snerten kan skremma folk på open gate, men dei reknar eg vel i grunnen ikkje med å få brukt nokon gong.

I gangane på skulen spring det små sprell levande Pippi Langstrømpe- jenter med lilla og rosa hijabar med «diamantar» på og stjerner i blikket, og dei som jobbar på SFO har ulik kulturell og epråkleg bakgrunn. Det slår meg kor heldige barna våre er som veks opp med at etnisk mangfald er den mest naturlege tingen som tenkjast kan. Om ein ser det med mangfald frå eit barneperspektiv, så syneste eg det er håp for verda.

Eg blir stadig minna på kor komplisert det er med språk. Elevane våre snakkar barnenorsk på eit nivå som ein lett kan koma til å tru er perfekt norsk språk. Kikkar me nærare etter så har me ein stor jobb å gjera for at den norske språkutviklinga skal veksa og bløma. Denne veka les me «Den vesle bygda som gløymde at det var jul, » av Alf Prøysen. Eg vart forbausa då eg begynte å leita etter ord dei truleg aldri hadde høyrt før, det var nesten slike på kvar einaste linje: » Kornband, julenek, smultring, kakeboks, takbjelke, telefontråd, fiskebollar, hestesko, smed, heimebesøk, gutunge, kjerringar, vegkryss, klokkeklang, hårsløyfe… Ein del av desse orda er nye for dei norskspråklege og, men dei har truleg høyrt orda før og klarer å setja dei inn i ein samanhang. Det er spennande å jobba med språk, og det er spennande å prøva å læra nye ting.

I dag las eg at Sunniva Gylver hadde laga ei ny andaktsbok saman med ei venninne som er muslim. Ho håpa boka mellom anna kunne vera ein innfallsvinkel til religionsdialog. Det spørst om eg ikkje må ynskja meg den boka til jul.

 

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: