Skip to content

Luke ti – Eit dunk og eit smell, ei bok, eit teaterstykke og eit julegaveforslag.

desember 10, 2015

610471

Akkurat som Mummimamma så går eg rundt med ei stor og tung veske, for det er så forferdeleg mykje som skal oppi… I dag trudde eg at eg la i veg med eit teatermanus og eit biletbokmanus som eg ville koma til å trenga i jobben i kulturskulen. Då eg skulle gå frå det eine arbeidsromet til det andre, oppdaga eg at manusa nok låg i plastlommar på bordet i stova. Eg sykla heim i vind og regn, og fant det eg leitte etter. Bilen stod så fristnade til i garasjen, og sidan veret var dårleg og eg skulle ha mykje med meg, så ringde eg Leif og spurde om han hadde behov for bil. Det hadde han ikkje, så eg hoppa inn. Ikkje langt frå oss er det ein veg med ekstremt mange innsnevringar og fartsdumpar. Eg møtte ein bil, men trudde det var plass til oss begge. Plutsleg gjekk det eit dunk og eit smell gjennom bilen. Eg tenkte eg hadde vore borti noko og frykta det verste. Eg svingte inn ved butikken, og fann heldigvis ikkje noko gale med bilen, eg håpa den suselyden eg høyrde som minna om suset frå ei elv, eller luft som slepp ut av ein gigantisk ballong ikkje hadde noko med bilen å gjera… Då eg kom ut var det eine framdekket heilt flatt, det var absolutt ingenting luft att i det. Eg hadde jo ein jobb eg skulle til, så det var ikkje anna å gjera enn å ta med dei tunge handlenetta og skunda seg heim etter sykkelen. I kveld har eg fått lagt om dekket med hjelp av ein snill mann og ein snill son, så me får håpa at det andre let seg lappa saman.

Nå er boka eg har laga med skrivekursjentene om julenissen som ville bli kul og fekk rastafletter, tatoveringar og sixpack, og eg har manuset eg har laga saman med fem tiandeklasseelevar til den store forestillinga før påske. Det er fint å vera i mål både med det eine og det andre… Eg har forresten tenkt tanken at eg kanskje kunne marknadsføra diktbøkene mine med eit lite julegavetilbud.

Ta heller med deg hjartet ditt

Ta heller med deg hjartet ditt- kr 250

 

Det kvite romet

Ta heller med deg hjartet ditt + Det kvite romet – kr 400

 

fotnoter i sanden

Ta heller med deg hjartet ditt + Det kvite romet + Fotnoter i sanden- kr 500

 

Dersom bøkene skal sendast, kjem porto i tillegg.  I morgon skal Mummimamma leggja i veg med litt lettare veske, – trur eg…

 

 

Heidi

 

 

 

From → advent, Bøker

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: