Luke atten- Kvar løve og kvart lam
Det er travelt å feire førjul. Dei siste vekene har vore ekstremt innhaldsrike. I dag parkerte eg strekk ut på sofaen etter jobb med ein malande katt i hjarteregionen. Der vart eg ein time og halvannan, så var eg nokonlunde klar for å reisa meg opp og gå vidare. Nå skal det mekkast jul til den store gullmedaljen, i eit koseleg og bedageleg tempo har eg tenkt. Me har ete Leif sin heimelaga vegetarpai, og jammen klarte ikkje mannen å reisa ut for å handla pinnekjøt og juletre medan fruen låg strekk ut med katteterapi. Eg kan og gleda eventuelle bekymra kyrkjegjengarar med at det kjem ei sundagsskuleløve i kyrkja på sundag og, eg har ei viss kjensle av kva ho har på hjartet denne sundagen, og i løpet av kvelden og føremiddagen må eg få skrive det ned.
Nå har eg brukt litt tid på å skriva min del av julebrevet for i år, så nå begynner ting å ordna seg. Litt ferdigstilling av julegavar som skal i veg med posten får bli koseprosjektet for kvelden saman med semifinalen i handball. Me hadde ein samtale på personalromet i dag om at nokre av oss er heilt i mål med pynta juletre, alle julegavar på plass, julematen i kjøleskap og fryseboks, all julepost send for lengst og så bortetter… Eg er vel i motsatt ende av denslags skalaer, men eg er i rute med meg sjølv, og det er vel det viktigaste.
I dag ringde dei at dei var utselde for boka mi på Viv0/ Krogedal, så nå har me levert ny forsyning. Eg gler meg til å vera med på julemarkedet for Idas hjelpefond på sundag. Då kan eg kombinera salet med å støtta eit veldig fint prosjekt. I dag fekk eg brev frå Misjonsalliansen med nytt bilete av fadderbarnet mitt i Bolivia. Det er ei glede å få vera med og hjelpa gjennom ulike organisasjonar. Eg anbefalar det å støtta eit handfast prosjekt og ha fast trekk på kontoen. Alle kan hjelpa nokon. Nå kjenner eg igjen at eg får litt følelsen av å forherliga meg sjølv og mine svært beskjedne hjelpeprosjekt. Eg skriv det likevel i håp om å inspirera nokon. Kanskje eit fadderbarn kunne vera ein julegave til nokon som har alt frå før av…
Når det er sagt så er eg svak for julegavar. Hos oss er julgavehaugen sterkt redusert på grunn av barn som ikkje er barn lenger, menlitt skal det nok bli under treet i år og. Sunniva melder at ho er ferdig med eksamen nå i dag, og gleder seg til å koma heim på måndag. Det gleder eg meg til og, og eg gleder meg til å få Halvard heim i morgon kvel
Eg ynskjer alle saman ei fin «siste helg i advent». Sjølv gleder eg meg som ein unge til nokre dagar med lite regi og struktur. Slikt kan eg lika. 🙂
Heidi