Skip to content

I dagens siste minutt. Luke 17

desember 17, 2015

I dagens siste minutt fangar eg dei siste kveldstimane og let natta koma.

Eg har fått med to kråkekonsertar på arbeidsplassen min. Den første då dei tusen kråkene høglydt letta frå trea med morgonlyset klokka kvart på ni, den andre klokka halv fire då skumringa datt på og eg gjekk over i den andre bygningen for å gjera meg klar for kulturskule.

Dagen har vore god, og intens, eg har fått retta opp feila i kulturskuleboka, lese ut Ronja Røverdotter for tredjeklassingane og skrive julemonologar med skrive-elevane mine.

Eg har benytta strykebrett nål og tråd på kunst og handverkromet for å klargjera ein kjole til å ha noko å ha på meg i kveldsbesøket. Eg har til og med stole ein knapp til å ha på den høgre mansjetten fordi knappen som skulle ha vore der viste seg å vera borte. Eg har blitt overraska av ein brannalarm.

Eg har vore på livsgledekveld hos Ståle og Kari og funne mandel i riskremen, og eg har lytta til, og fortald livshistorier. Nå tenkjer eg at denne natta og blir i kortaste laget, men at det nok skal gå bra for i morgon skal livet landa litt etter ei veldig intens veke.

God natt, desember.

Heidiimage

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: