Skip to content

Fjerde dag jul 2015

desember 28, 2015

image

Det var dagen for å omsetja ein julepresang til levd liv. Ein av julepresangane eg fekk av barna mine såg slik ut:

image

Far deira fekk eit veldig liknande gavekort, og i dag var dagen for samla familieferd til kino og indisk restaurant.

Før me kom så langt så fekk eg ei veldig triveleg julehelsing i posten frå mi svenske nettvenninne Petra med fint julekortmotiv frå Vadstena kloster. Eg har gode venner som har vore der fleire gonger og snakka varmt om kor fint det er på Vadstena, og nå fekk eg endå meir lyst til å reisa dit.

I ettermiddag hadde eg besøk av den søtaste vesle julegjesten som tenkjast kan. Han hadde nettopp fyllt to år, hadde lyse køller, og var veldig oppteken av katten, som forresten var bemerkelsesverdig tålmodig under klapping, kosing med kattehale og undersøkelse av kattesnute. Det var og kjekt å undersøka pynten på juletreet, synga og hoppa «jamfødes» rundt på golvet med små frydefulle rop. Eg er sjarmert i senk. Fine bilete tok eg og, men eg torer ikkje å leggja dei ut på nett utan å ha spurt om lov.

Kvelden vart kjempefin. Me såg filmen «En mann ved navn Ove», og åt deilig middag på indisk restaurant der dei hadde dekka langbord for oss alle. Me «vaksne» fekk ikkje sjå rekninga ein gong… Det er utruleg koseleg å gjera ting i lag med heile barneflokken inkludert Oddvar. Eg håpar det blir mange slike anledningar framover.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. God jul, Heidi! Eg må berre fortelja at eg har vore der, i Vadstena! Veldig fint og absolutt verdt ein tur. Me var der på biltur med to av gutane ein sommar for mange år sidan. Tenkjer tilbake på turen med stor glede, ikkje minst den dagen me var i Vadstena.
    Det andre eg må få kommentera er at annonsen på denne sida er veldig kjensleg. Det er reklame for Energihotellet her på Nesflaten, der du ein gong var på salmeseinar, medan det ennå var messa til Røldal-Suldal Kraft. Det var ein bra annonse. 🙂 Men når eg trykkjer på han, kjem eg ikkje til dette hotellet, men til store byar – som ikkje er så interessante, spør du meg. 🙂 Du har anrakeleg ingenting med annonsen å gjera, reint praktisk, så det er ikkje sikkert du veit om det ein gong, kva som kjem fram på akkurat denne sida. Kanskje annonsne skifter forresten…
    Ja, einig, veldig kjekt når alle «ungane» er heime. 🙂

    • Takk for gild helsing. Nei, eg ser ikkje reklamen, og det er kanskje like bra… Det er kostnaden for å ha gratis blogg at dei legg ut litt av og til, og eg anar ikkje kva det er. Eg avskyr tanken på at det kan vera ting som er på tvers av alt eg står for, eg har derforvurdert å betala for å sleppa reklame, men då må eg kanskje legga ned meir arbeid i drifting av bloggen. Eg håpar bare ikkje nokon trur eg tener pengar på det… 😉 Godt nytt år til deg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: