Skip to content

Tredje dag jul med julekortstemning og god gang

desember 27, 2015

image

I natt var det skikkeleg storm ute som etterkvart utvikla seg til skikkeleg rennedrev. I dag hadde veret løya litt, men det var litt snø som smelta vekk med føremiddagen. I dag var det dagen for ein av romjulstradisjonane våre. For nitten år sidan var me fadrar då vesle Maren vart døypt. Kvart år etterpå er me blitt inviterte på faddermiddag for å markera dåpsdagen hennar i lag med Olve og Elin som og er ein del av fadderkompaniet. Det er ein koseleg tradisjon og alltid kjekt. Før var me tre fulltallige familiar som møttest for å feira. Dette året var det bare oss vaksne i tillegg til dåpsbarnet, som jammen har blitt vaksen ho og, Me skulle møtast på Tjørn, i hytta til Torhild og Per Magne. Der var det meir snø, og nesten litt julekortsstemning. Me var litt urolege for om batteriet på elbilen ville klara turen, så me reiste på sparebluss utan oppvarming med ullteppe til trøyst. Det gjorde det ekstra koseleg å koma inn i hytta der vedomnen hadde gjort det varmt og godt.

image

Me var framme klokka to, og etter den føtste timen begynte det å mørkna ute.

imageEtter middagen drakk me store mengdar svart kaffi og koste oss med gode julekaker.

image

 

Og med nydeleg heimekokt gome som Kirsti hadde laga. Det er nesten ingen som kokar gome lenger. Eg lurer på om me er den siste generasjonen som brukar det som festmat…

image

Takk til vertinna med juleforkleet på plass! Nå er me trygt heime att.

 

Heidi

From → Gode venner., jul, Mat

2 kommentarar
  1. Vad är gome? Jag hittar det inte.

    • Gome er ein lokal matrett. Det blir og stava gome og der farmor budde, bare tre-fire timar frå her, kallar dei det dravle. Det er gammal gjestebodsmat som vart servert ved høgtidelege anledingar som jul, bryllaup, barnedåp, store feiringar osv. Framgangsmåten for å laga det er at mjølk blir kokt saman med sukker og samanvispa egg slik at mjølka skiljer seg, det blir ofte laga store porsjonar av fleire liter mjølk og store mengdar egg. Dette kokar i timevis til det blir ein lysebrun halvfast masse. Det blir ete med teskei og servert til lefser, som er tynnkjevla store runde leiver som blir steikt på takke og bløytt opp med vatn til slik at dei blir mjuke. Dei blir smurt med sukker og smør, bretta saman og skorne i bitar. Eg elskar både lefser og gome, men eg lurer på om det er slik mat som er i ferd med å forsvinna, mellom anna fordi det er tidkrevjande å laga det. Eg hadde kjøpt inn gome til jul, men fekk eta han sjølv… Har de noko liknande på svensk?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: