Gå til innhald

Femte dag jul 2015

desember 29, 2015

 

image

Dagen har vore innhaldsrik og veldig fin. Etter ein sein frokost reiste eg og Sunniva ut til Hå gamle prestegård der me hadde funne ut at dei hadde ope i romjula. Som alltid så var det utruleg vakkert der ute, i dag ispedd sterk og iskald vind.

Me måtte foreviga nokre fine motiv før me gjekk inn.

image

Inne var det pynta fint til jul. I hovedbygningen var det ei retroutstilling der arbeida til den politisk radikale kunstnargruppa «Grønt gras», som vart stifta på syttitalet vart viste.

imageimage

Denne skallen med tannhjul i staden for hjerne veit eg ikkje kven som står bak.

image

Me måtte opp i kunstbutikken i andre etasje, der har dei alltid mykje fint som ein kunne ha kjøpt om ein hadde god plass i heimen og mange pengar i lommeboka.

Det er ikkje kvar dag ein handlar noko der, det blir mest å nyta det ein håpar at andre skal kjøpa, men denne dagen enda det rett og slett med handel på Sunniva. Ho har fått nokre penger frå ei bok dei har laga med tekstane frå DUS prosjektet, og i dag kjøpte ho eit av bileta eg og ho beundra i sommmar.image

Eg håpar teksten er leseleg, for han er heilt fantastisk… Hadde det bare vore sanning og ikkje ironi…

image

Ei alltid veldig fin utstilling på prestegarden er den me ser gjennom dei gamle fjosvindauga.

image

I dag skimta eg eit menneske langt der nede, lett bøygd i den sterke vinden på veg over dei desembergule markene med vinterlyset i vest og bølgene som slo høgt. Det slo meg at det var eit godt bilete både på jærbuen og den jærske vinteren som ofte ikkje er slik me ser han på julekort og slik me lærer på skulen at norsk vinter skal vera.

Etter å ha fått med oss utstillinga i stallen og, ei utfordrande finsk foto- og filmutstilling som eg kanskje kunne skriva eit heilt innlegg om ein annan dag, gjekk me til sjølve prestegardshuset for å setja oss ned litt i kafeteriaen.

Der hadde me rett og slett planlagd å ha ei skriveøkt og ein kopp kaffi. Sunniva hadde eit skriveprosjekt ho hadde lyst til å få ferdig, og eg hadde lyst til å begynna på ei biletbok eg har planlagd å senda inn til ein konkurranse. Eg opplever det ofte veldig spennande å sitja å skriva der det er mange menneske, eg liker lyden av folk og synet av folk. Eg finn ei slags ro i å vera der det heile tida skjer noko. På desse bileta ser det folketomt ut, men heldigvis så lyg dei, eg syntest ikkje eg kunne fotografera ukjende kafegjester og leggja dei ut her. Men biletet av ei skrivande dotter har eg faktisk fått lov til å leggja ut…

image

image

Etterkvart vart det fint blått desemberlys i vindauget mot nord.

image

Og ute på Obrestad blinka det i fyrlykta.

image

Om kvelden var me på farten att. Då var målet Nærbøkyrkja. Me var på romjulskonsert med Silja Sandanger med band. Ute blåste det så kraftig at lyden av vinden nesten konkurerte med den fine julemusikken. Silje hadde med seg den nyfødde babyen som hjalp litt til med songen på første refrenget på «Stille natt». Eg beundrar pågangsmotet i å halda konsert så tett etter ein fødsel, men eg hugsar sjølv at med barn nummer tre og fire så tok ein hand om eit spebarn utan å leggja stressnivået opp.

image

Nærbøkyrkja er vakker inni, og det var nydeleg med dette blå lyset. For første gongen la eg merke til at kyrkjesalen faktisk er utan vindauge bortsett frå det eg trur er nokre bittesmå vindauge framme i altartavla, men det fungerer fint på same måten som det fungerer fint at heile gavlenden i Bryne kyrkja er vindauge, eller rettare sagt glasmaleri.

Romjul er fantastiske greier. Det kunne gjerne vart ei veke til.

Heidi

 

One Comment
  1. Oj, vilket vackert kyrkorum!
    Den där bilden med text får man ju nästan magknip av 😦

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: