Gå til innhald

Helg i Oslo

januar 25, 2016

image

Saman med desse kalde musikantene frå Bekkestua prøver eg meg på eit innlegg. Det er måndag morgon og eg sit på toget på veg heim frå Oslo. Eg veit at nettet er mildast talt ustabilt, så me får sjå om innlegget let seg publisera.

I går morges starta eg dagen med gode venninner og katolske nonner. Me hadde slått oss til på Katharinahjemmet eit par netter, og ville gjerne ha med oss nonnene sin Laudes, morgonbøn og morgonsong, i kapellet på Katharinahjemmet. Klosterliv har alltid fascinert meg. Eg kunne godt tenkja meg å få prøva lettvarianten, å leva eit par veker i kloster for å kjenna på stilla og på korleis livet der er. Ei veldig søt ung nonne viste oss vegen til ei kunstutstilling i peisestova med arbeida til ei av nonnene og til ei ikonutstilling. Ho fortalde at ho opprinneleg kom frå Polen, men hadde kome til Norge som niåring og nå hadde budd i klosteret i femten år. Eg hadde så veldig lyst til å spørja korfor ho som heilt ung hadde vald klosterlivet og korleis ho opplevde denne relativt spesielle formen for levemåte. Eg fekk meg ikkje til å gjera det. Eg var hotellgjest og ho dreiv hotellet i lag med dei andre nonnene. Det kjendest utidig og innvaderande å spørja henne om privatlivet. Ho hadde ei veldig vennleg og varm utstråling.

image

Her er eit av dei fine glasmaleria i kapellet på Katharinahjemmet. Då me kom ned til Laudes, kom den gilde nonna frå dagen før for å visa oss kor me kunne finna tekstar til bønene, antifonane, tekstlesinga og salmen. Me klarte å henga med sånn nokonlunde.

image

Etter frokost på Katharinahjemmet, tok eg banen til Bekkestua og fekk ein koseleg lunsj på eit bakeri med to av Bærumssvigerinnene mine. Så var eg ein tur på sjukehuset for å ynskja god betring til ein nyoperert venn av meg som eg håpar kjem seg på føtene att. Og så vart det kaffi i Sunniva sitt kollektiv, ein stad eg verkeleg set pris på å finna fram til av og til.

Eg fekk vera med Sunniva og Irene på kveldsgudstenesta i Kraftverket, og så tok me med oss Vilde og Halvard på pizzarestaurant. Det å vera i lag med dei bortebuande barna mine er noko av det finaste eg veit.

Heidi

 

 

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Katharinahjemmet var min faste gjesteheim i den tida eg var relativt ofte i Oslo. No har eg ikkje vore der på ei stund, og nå har eg dessutan ein son med eige husvere i Oslo. Men derfor var det kjekt å høyra at du har vore akkurat der. 🙂 Måtte berre få sagt akkurat det. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: