Ta vare på det gode
På laurdag var eg på kino i lag med gode venninner og såg Margreth Olin sin film om Joralf Gjerstad. Då eg høyrde henne omtala filmen på radio, kjende eg at eg måtte koma meg i veg og sjå han. Ho fortalde at det som hadde gjort mest inntrykk på henne i møtet med mannen frå Snåsa var evnen hans til å sjå det gode og vakre i eit kvart menneske og møta dei med det utgangspunktet.
Det å sjå det gode i små situasjonar i kvardagen gjer godt. Å sjå det varme lyset i blikket på nonnene på Katharinahjemmet, å observera måten dama i konduktøruniform tok vare på og møtte dei reisande på sørlandsbanen, å observera frå plassen min på trikken at folk bråsnur og spring bort for å hjelpa ei dame med krykker som sklir og dett på glattisen på eit fortau i Oslo, alle desse små situasjonene som gjer meg tru på livet og på menneska. Nokre menneske har ein eigen evne til å bera med seg lyset ut i kvardagslivet. Eg er så takknemleg for at dei finst.
La oss ta vare på lyset nå i den mørke tida. Då er me betre rusta til å handtera dei vanskelege utfordringane og dei vanskelege vala. Det er mange som treng støttande henede og lyset frå nokon sine auge. Eg seier som Torvald Tu sa det så fint i den nydelege teksten » Tonegull og månesylv.» » Gud hjelpe kvar som må lida…»
Heidi