Skip to content

Om å våga å dela varme

mars 1, 2016

25296730362_911a96bf76_o1

Etter ei helg med vårkjenning, bles det i dag opp til noko som likna veldig på rennedrev. Eg og fotografen min sette oss i bilen for å oppsøkja veret, og for å sjå om me kunne få nokre bilete av skikkeleg jærsk vinterver, – eller kanskje snarare tidleg vår, sidan me skriv mars i dag. Leif må vera ganske så aklimatisert i forhold til sitt opphav der aust i landet, for han presterte å koma med fylgjande setning: «Jeg bare elsker slikt vær som dette.»

I alle fall var det eit ver som gjorde at det var godt å ha tilhald i ein relativt varm bil. Vinden ute var iskald og så sterk at det var vanskeleg å opna bildøra for å gå ut og fotorgrafera. Me hadde tenkt oss opp på høgaste høgjæren, men då vegen begynte å fyka saman allereie på Undheim, så valde me ei meir tilgjengeleg løype. Dette er absolutt ein del av livet på Jæren. Plutseleg fyk det skikkeleg opp og regn og snøslaps ligg horisontalt over bakken og piskar dei forblåste trea som lener seg forskrekka over steingardane og blir endå meir vindskeive enn før.

«Det er fint at du fotograferer», sa eg. «Eg skal skriva eit innlegg på bloggen i dag om når livet gjer vondt, og då treng eg nokre sterke og jordnære bilete.» Ikkje det at dette vesle livet eg kallar mitt gjer så vondt for tida, men eg ser og høyrer så mykje som minner meg om at livet slett ikkje alltid er for pyser. Eg tenkjer at i tider som dette, sånne tider som kjem og går ,både for enkeltmennesket og i den store verda og dei store samanhangane, så treng me å vita korleis me deler varme med einannan. Heldige er dei av oss som har noko og nokon å varma seg på. For eit par veker sidan kjøpte eg ei bok av Knut Grønvik, som eg kjenner frå Korsveisamanhang, med ein liten tekst kvar dag til meditasjon og ettertanke. I dag las eg om å øva opp evna til å sjå og høyra med dei indre øyrene og auga. Han kalla det å lytta til Guds stemme, men eg tenkjer og at me kan kalla det å lytta til dei orda andre menneske ikkje seier.  Lytta til desse orda og våga å dela varme, det må vera ei utfordring inn i vår tid.

Det er lett å bli skremd av det ukjende. Tidene endrar seg, og utfordringane endrar seg. Korleis skal me klara å halda hjarta varme og tankane klare? Eg såg i går ein dokumentarfilm om valkampen til Donald Trump og hadde nesten lyst til å gråta av det eg såg. Eg må erkjenna for meg sjølv at for flokkane av menneske som jublar når han snakkar om kor grunnleggjande det er å eiga skytevåpen, og kor fint det ville vera å fjerna muslimane, har ein totalt annan synsvinkel på livet enn meg…

Eg blir fysisk uvel over å høyra om folk som har døydd av svolt i beleira byar i Syria og om menneske som er på flukt som ikkje finn ly nokon stad. Eg utfordrar meg sjølv og alle andre til å gjera det me kan for at verda skal bli ein litt betre plass for fleire enn for oss sjølve. Eg tenkjer og at det er enkelt å dømma og fordømma. For meg kjennest det viktigare å prøva å forstå, og å prøva å finna ut kva brikke eg kan leggja ned i det store puslespelet.

Heldigvis finst det ein del langt meir hjartevarmande impulsar enn den dokumentarfilmen eg nemnde… I dag har eg leita fram fleire av programma i serien «I heisen» som har gått på NRK. Konseptet er at to menneske, som ikkje nødvendigvis kjenner kvarandre frå før blir «sitjande fast i heisen», i ein heis med skjult kamera der dei må samtala om dei store spørsmåla i livet; om tru og tvil, om overbevisning og erfaring, om kjærleiken og døden. Det er inspirerande og fint å høyra på. Eg anbefalar varmt desse programma. Det er og fint å sjå at nesten alle seier etterpå at det var så fint å bare sitja der og samtala lågmælt med eit anna menneske. Det å lytta og bli lytta til trur eg er ein viktig del av det å vera menneske. I ei verd der det ofte blir ropt så høgt, kan lågmælte samtalar vera befriande.

24786917903_c98064e15a_o(1)

Og bileta i dette og det andre innlegget eg skreiv i dag… Ja, det er Leif som har teke dei. Eg tenkjer ikkje alltid på å kreditera han som fotograf, og han ber meg heller ikkje om å gjera det. Men bare så det er sagt: Fotografi med ein viss kvalitet kan de rekna med at han har teke. Dei rotete, i beste fall sjarmerande og ikkje heilt skarpe mobilbileta… Dei er mine ja… Dei fortel forsåvidt og historier…

Heidi

2 kommentarar
  1. Fint å komme hit i dag 🙂
    Å lese gode tanker fra deg.
    Lytte til det andre ikke sier, – var godt sakt. Så viktig.
    Plutselig sier kanskje Gud noe også, – når vi er nærme?
    Jeg opplevde noe veldig spesielt som Gud sa til meg en gang:
    Se gjerne: http://hjemveien.blogspot.no/2014/10/en-slik-gud-vil-ikke-jeg-ha.html

    Ha flott sommer!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: