Gå til innhald

Heima sjå osse

mars 5, 2016

Banner_heimehososs

I dag har eg lyst til å framsnakka kulturskulen litt. Akkurat nå held me på med siste innsats på ei stor forestilling der alle tiandeklassingane er med. Elevane har vore med på heile prosessen, idemyldring, utvelgjing av låtar, skriving av manus og sjølvsagt innøving. Før då eg var dramalærar i tillegg til skrivellærar, var eg svært involvert i heile prosessen, nå er mitt største bidrag i første del av prosessen. Eg er med på idemuyldringa og det å velgja ut det musikalske, og så skriv eg manuset saman med ei gruppe tiandeklassingar. Så overtek flinke dramalærarar, instrumentallærarar, dansepedagogar og kunstfaglærarar.  Musikken blir arrangert etter kva instrument elevane våre spelar og vanskegraden tek utgangspunkt den einskilde sitt ferdigheitsnivå, i alle fall så langt det let seg gjera.

Det å skriva manus i lag med ungdomar er kjekt, spennande og av og til litt utfordrande. Noko av det aller finaste er at sekstenåringane ser med friske auge på alt me vaksne kan og tenkjer om forestillingar. I fjor hadde me læarane så smått lagt ein plan på førehand om at me kunne tenkja oss at denne gongen skulle resultatet bli ein cabaret eller ein revy. De skulle visa seg at skrivegruppa ville det heilt annleis. Dei ville laga noko som var til ettertanke, og som tok opp vanskelege spørsmål. Resultatet vart «Benjamin, son av lykke», som handla om ein gut frå eit ikkje namngitt land som vaks opp med krig og vart barnesoldat. Han ende opp i Norge, traumatisert og redd, og havna hos norske forsterforeldre. Det skulle visa sseg at Benjamin var svært begava og ende opp som både forfattar, musikar og artist. Stykket enda i eit talkshow på TV der han har bestemt seg for å fortelja historia han til nå har delt med svært få. Den litt flåsete talkshow-vertinna spør han: «Men har ikkje alt dette gitt deg erfaringar som har gjort deg til den kunstnaren du er?» og Benjamin svarer: «I så fall har eg betalt ein svært høg pris», – eller noko liknande. Forestillinga vart rett og slett totalt annleis enn det lærarane hadde tenkt, og etterpå var me utruleg stolte over det me hadde fått til i lag med elevane våre.

I år er historia heilt annleis. Skrivegruppa vår hadde nye og annleis tankar. Naturleg nok er det å bli vaksen eit motiv som går att i mange av tiandeklasseforestillingane våre på ein eller annan måte. Slik er det denne gongen og, men temaet er det å koma til eit punkt der ein ikkje lenger identifiserer seg heilt med foreldra sine, og kanskje til og med skjemmest litt over dei. I forestillinga «Heime hos oss», møter me ein leitande ungdom som trur vaksenlivet er frykteleg kjedeleg: «Gå på jobb, handla, klippa plenen, eta fiskepinnar, sjå dagsrevyen og gå og leggja seg…» Ho lurer på om det går an å vera vaksen på ein annan måte enn dette. Så møter me fire ungdomar som prøver å skjula korleis dei har det heime, og sjeldan tek med folk heim. Dette er ikkje på grunn av husbråk, rus eller omsorgssvikt, men rett og slett det at dei opplever sin eigen familie som ekstrem på ein litt pinleg måte.

Me møter guten som illke får sykla til skulen utan fullt verneutstyr, som må vaska hendene i antibac før han får koma inn og som må gå med lue og stillongs heile vinteren. Foreldra hans er sjukeleg engstelege for det meste og les dagleg i avisa om kva sjukdomar ein kan risikera å få denne veka. Ei av jentene bur i ein familie der heimen er scenen for mora sine internettaktiviteter der den perfekte familien skal visast fram. Frokostbordet blir dandert med agurksommarfuglar og mora spring stadig vekk rundt med mobil og selfiestong for å ta bilete av huset og familien som ho legg ut på internett. Ein av gutne veks opp i ein idrettsfamilie der det er ei dødssynd å eta nugatti eller ikkje å villa springa rundt Frøylandsvatnet ei sein kveldsstund i regn og vind. Han vil helst slutta med idrett på toppnivå, men foreldra ler det bort, og meiner det er når ein kjenner det slik ein verkeleg er i utvikling. I den siste familien er foreldra militante veganarar, og vil ikkje ein gong ta på ting laga av dyreskinn. Venner av foreldra meinar å ha observert dottera med ei grillpølse i handa utanfor ein bensinstasjon, men ho nektar hardnakka og seier at ho bare haldt pølsa for ei som var inne for å handla…

Her er det sjanse til å kjenna seg att for både den eine og den andre av oss i foreldrekategorien, men eg reknar med at det heile er så sett på spissen at ingen kjem til å kjenna seg uthengde. Temaet er på ein måte eldgammalt: Korleis forheld ein seg til dei håplause foreldra sine når ein er seksten år og på trappene til å skaffa seg «sitt eige liv»…

På tysdag dingla eg innom ein songtime og ein dramatime for å sjekka ut om noko eg var usikker på fungerte… Begge deler var så fint fordi eg såg manuset eg har vore med på å utforma vart teke vidare av dyktige fagfolk med fokus på kunsten sin. Eg er veldig glad i teamarbeid. Den kategorien teamarbeid er det slaget der eg legg det eg er flink til ned saman med det andre er flinke til og saman får me til noko ingen av oss ville hatt ein sjanse i havet til å få til aleine. Både eg og dei som les har heilt sikkert teke del i gruppearbeid der ein har tenkt i sitt stille sinn at dette kunne eg fått til både betre og meir effektivt dersom eg kunne ha gjort det aleine. Nå seier eg ikkje at den siste typen gruppearbeid ikkje har ein funksjon, for eg trur me alle har godt av å tenkja saman med andre, slipa oss på andre sine meiningar og trena oss på lytting og felles problemløysing. Det eg likevel vil framheva som fantastisk med den delen teamarbeid der me kan ulike ting er gleda over å få til ting saman der alle får brukt seg sjølv og heilskapen blir langt utanfor ramma til det nokon av oss kunne klart aleine.

Noko av det fascinerande med å jobba i kulturskulen, spesielt for oss som ikkje er musikarar, trur eg kanskje er å få så utruleg dyktige samarbeidspartnarar på felt der me sjølv er nokså hjelpalause. Ja takk, til samarbeid med musikarar, songarar og dansarar.

Akkurat nå har eg bare ti prosent stilling i kulturskulen som lærar i skapande skriving. Før hadde eg i tillegg femten prosent som dramalærar. Dei har eg nå frigjort slik at eg tenkjer eg er 15  frilansar. Dei femten prosenta brukar eg til å skriva eigne tekstar, jobba med skriveoppdrag, ha kåseri, foredrag og diktopplesningar og til å driva forteljarteater på oppdrag. Så pass må det vera. Hadde det ikkje vore for at eg i grunnen har drøymejobben min som lærar og spesialpedagog i barneskulen, så kunne eg tenkja meg å jobba i kulturskulen på heiltid. Det er herleg befriande å kunna ha hovudfokuset på den kreative delen av faglege prosessar og ikkje vera fullt så bunden av læreplanar og pensum som ein er i grunnskulen.

Og dersom nokon fekk lyst til å sjå den nye tiandeklasseforestillinga: Me viser ho i Storstova torsdag før påske klokka seks. Velkomen.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: