Gå til innhald

Strek- ei anbefaling frå meg…

mars 6, 2016

image

Strek er det finaste tidsskriftet eg veit om. Det er eit tidsskrift for dei dagane du har lyst til å la tanken streifa innom noko som er djupare enn overflata på livet. Det er eit tidsskrift for dei timane du har lyst og tid til å bruka ettertanken din. Eg har sjølv vore abonnent heilt sidan det første nummeret kom ut, og det har gitt meg så mykje både glede og ettertanke at eg gjentekne gonger har gitt det som presang når gode venner feirer rund dag, eller som bryllaupsgave til dei eg trur vil setja pris på det. Ansvarleg redaktør er Asle Finnseth, som mange kjenner som tidlegare journalist i Vårt Land og som ein sentral person i Korsveibevegelsen.  Magasinet blir marknadsført som «Et uavhengig og tverrkirkelig magasin som ønsker å fordype seg i hva det vil si å følge Jesus Kristus på 2000- talet». Sjølv om målgruppa nok til ei viss grad er menneske med ei definert Kristus- tru, så vil eg utan vidare anbefala det og til tenkjande menneske som lurer på kva det eigentleg vil seia å tru. Etter mi oppfatning er lettvarianten av dette på billigsal i diverse medier, ofte under det ulne begrepet «Kristenfolket», som eg ofte føler at eg ikkje kan identifisera meg med i det heile tatt, når eg les i Dagbladet og VG korleis kristenfolket er, og korleis dei tenkjer…

I tillegg til at magasinet går i dybden, så vågar dei i redaksjonen å ta opp vanskelege og kontroversielle tema med ulike vinklingar, vel vitande at det kan provosera den eine eller den andre, eller aller helst dei fleste, til å tenkja igjennom ting ein gong til før ein er alt for skråsikker… Kvart nummer av Strek er eit temanummer der ulike tema blir vinkla frå fleire ståstadar. Her møter ein menneske som vågar å stå fram som dei kompliserte vesena eit menneske er, og ofte møter ein menneske som vågar å leva motstraums på den eine eller den andre måten. I temaummeret over som har «trosliv i det urbane» som tema, kan me mellom  anna lesa om dominikanarnonne Anne Bente Hadland sine refleksjonar etter å ha vore i ei human-etisk gravferd, om veksande storbykyrkjer i London, om «Jesu små søstre», ein organisasjon der nonnene lever i vanlege nabolag, gjerne i fattige bydelar, og som ser det som si oppgåve å visa hjarterom og nestekjærleik til dei som treng det. Her møter me tre «søstre» som bur i ein liten leilegheit i Hackney, ein fattig bydel i London, den eldste av dei er 87 år gammal. Me får fylgja dei ein dag, og mellom anna sjå blete av at dei inviterer ein 79 år gammal pensjonert sjømann heim til seg til lunsj. Systrene uttrykkjer det slik:

«Vi er dei små søstrene av Hackney. VIss vi ber Gud om å bu i oss, kan Han nå ut til menneske gjennom oss. Vi ønsker ikkje makt. Vi ønskjer å sitje i vegkanten saman med ein fattig person, og at ingen bryr seg. Vi vil vere blant dei små menneska.» Det står vidare i denne artikkelen at etter ellevte september flytta «Jesu små søstre» i New York ut til ein muslimsk bydel for å leva saman med muslimane. Dei lever ikkje i fine kloster eller inviterer til prangande evenement, dei ser på det som si oppgåve å snakka vennleg med folk i heisen og trappeoppgangen, og invitera dei som treng nokon å snakka med heim til seg til eit måltid og ein samtale.

Me får og lesa om Pave Frans sine visjonar  om å vera pave i storbyen og om gategudstenester med nattverd på gata i Bergen og fleire andre velskrivne artiklar og petitar om kristenliv i storbyen.

image

image

Ei anna nokså tlfeldig vald framside er denne, som er henta frå eit temanummer om «Trofasthet». Her får me mellom anna vera med heim på besøk til den aldrande Martin Lönnebo. Gjennom den hjartevarmande artikkelen, les me både på og mellom linjene at Martin Lönnebo etter eit langt og travelt virke som prest, forfattar og aktiv biskop emeritius i utretteleg kamp for nestekjærleik, miljøvern og kampen for dei svake, nå er på veg i ein alder der han er ikkje lenger har krefter til å stå på som før. Han er på veg inn i siste fasen av eit liv. Han seier at han ikkje er redd for døden. Han har derimot ein annan bekymring: «Troen på kjærligehten er truet i vår tid,» seier han.  Noko av det som har lært Martin Lönnebo mykje om å leva, er sonen Jonas, som vart fødd med ein alvorleg hjerneskade og som aldri lærte å snakka. Han framstiller ikkje det å ha ein sterkt funksjonshemma som som ei solskinshistorie, snarare som ein erfaring som rommar mykje smerte og mykje kjærleik. Sjølv om han er trøytt og ikkje har så mykje krefter lenger, snakkar han til journalisten om dei store utfordringane som kjem til å koma: Kampen for miljøet og det å ta i mot menneske som er på flukt. Han innrømmer at han er skuffa over at kyrkja ikkje er komen lenger enn ho er i miljøspørsmål. Her er det og mange andre interessante artiklar. Dersom eg fortset å leggja ut om dei, vil dette bli ein alt for lang tekst, I staden lar eg dette vera små smular av kva ein kan få med seg dersom ein tek seg tid til å lesa STREK.

Kanskje nokon lurer på om eg er innleigd som ambassadør for å auka salstala til dette bladet… Svaret er nei, og svaret er ja. I sommar på Korsveifestivalen vart det oppfordra til at lesarar som likte bladet skulle vera med og gjera ein innsats for å marknadsføra det. Optimistisk sette eg meg på ei liste, dette var noko eg hadde lyst til å vera med på. Rett før haustferien fekk eg ein pakke med bla-eksemplar av magasinet og ein plakat samt eit tilbod til nye lesarar…  Dette er ikkje eit betalt oppdrag, bare ein vilje til å dela noko ein sjølv opplever som fint inspirerande og deleverdig. Til jul fekk eg spørsmål om det gjekk bra med oppgåva eg hadde teke på meg… Då måtte eg senda ein mail tilbake om at eg hadde oppdaga at eg ikkje eigna meg som kremmar… Eg hadde rett og slett ikkje klart å finna ein einaste marknadsføringsarena… Eg kvir meg for ein kvar marknadsøring av varer der nokon føler det minste snev av kjøpepress…. Men eg tek nok «marknadsføringsutstyret» med på ein kyrkjekaffi ein gong, og kanskje i ei samtalegruppe…

Eg tenkte at dette fekk duga som min arena sånn i første omgang i alle fall. Her kan ein lesa om ein vil, heilt utan å føla kjøpepress. Eg har fått papirer som seier at eg kan marknadsføra eit starttilbod på STREK på 490 kroner pr år, og eit starttilbod på 390 kroner pr år for trygda og for studentar. Eg kan hjelpa til om nokon sender meg ei melding eller snakkar med meg, og eg har og nokre gratis eksemplar til dei som måtte få lyst til å halda eit magasin i hendene. Det går sikkert heilt fint å kontakta Strek Media AS heilt utan mi hjelp og…

Heidi

From → kyrkja, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: