Skip to content

Palmesundag 2016

mars 20, 2016

image

Store deler av dagen har eg vore på byvandring i Stavanger. Skulen til Leif er med i eit Comeniusprosjekt, og skal ta i mot elevar og lærarar frå forskjellige land om ein måmads tid. Då vil dei ta med gjestene på ei slik vandring, og i dag var prosjektet å prøva ut ei løype, og eventuelt justera og leggja til. Eg fekk beskjed om at me kom til å gå minst ei mil, så eg utstyrde meg med ryggsekk, fjellsko og kåpe som tolte regn og vind. Joggeskoa frå i fjor sommar er det ikkje meir att av, og eg frykta at vinterskoa av i år ville bli ubehagelege om ein skulle vandra ei mil og meir…

image

Det er ingen tvil om at Stavanger er ein fin by der det er mykje å visa fram. Til og med på ein grå sundagsmorgon i mars er det fint i gamle Stavanger. Eg må innrømma at eg aldri før har gått omkring i byen med spesielt fokus på street- art, så det høyrdest spennande ut. Me var der før ti, og til å begynna med var det ganske folketomt i gatene. Ein av dei første eg såg var ein ung mann som såg litt sliten ut, han gjekk i lag med ei dame som kanskje var mor hans, kanskje ei venninne. I det dei passerte høyrde eg han seia: «Det er så mykje fint eg kunne ha lyst til å gjera viss eg hadde hatt det bra, men slik det er nå så er det ikkje vits i noko.» Eg sende han ein varm tanke på vegen. Han merka det nok ikkje, men ein kan jo håpa at den varme tanken kunne virka likevel…

image

I desse gatene veit eg at det kjem til å bli veldig fint i sommar. Framleis er det fargane grått og brunt som rår, men folk har begynt å setja ut grøne planter og blomar, og i nokre kassar er det allereie planta ut vårblomar. Ei driftig dame kom ut på gata med feiekost og feiebrett med langt skaft og feidde opp sigarettstumpane som sikkert hadde havna utanfor huset hennar i løpet av gårsdagen og natta. Slikt pågangsmot for å få det fint rundt seg let eg meg imponera av.

image

Og i dette strøket møtest gamle og nye Stavanger på ein litt rotete og sjarmerande måte.

image

Noko eg set pris på er at dei har sett opp ein del blå skilt rundt i byen som fortel litt om historia til dei ulike bygningane.

image

Då eg las dette skiltet vart eg veldig nyssgjerrig på korleis det arta seg i det Stavangerske klubselskab når medlemmane møttes for å utøva livsglæde og hvile og pleia ein dannet og blid omgangsform…

image

Dei av oss som hugsar dei rustne mennene på Solastranda, kan gleda oss over å sjå dei att rundt i bygatene. Ein av dei hadde fått seg vest av reklameplakatar, Det var kanskje ikkje det kunstnaren hadde tenkt, men ein eller anna må ha fått den ideen at desse mennene som bare står der og ser tanketungt ut over havet like godt kunne gjera nytte for seg.

image

Eg veit ikkje om desse dekorerte blomsterurnene utanfor eit av hotella får sortera under begrepet street-art, men dei er ganske fine.

image

Nede på Vågen er det og ein rusten mann, og alltid flotte båtar.

image

Vågen i Stavanger har noko av det same som Bryggen i Bergen… I alle fall for dei som ser det med litt patriotiske auge…

image

Eg er ikkje heilt sikker på kva som får lov til å heita street-art og ikkje, men barnsleg som eg er, så har eg litt sansen for desse figurane som eg såg mange av…

image

Sidan det er palmesundag i dag, hadde me peila oss inn på å få med oss gudstenesten i domkyrkja. Eg trur aldri eg har vore der på gudsteneste før, så det gleda eg meg litt til. Denne delen av vandringa var den indirekte grunnen til ryggsekken min. Eg hadde fått det for meg at det såg litt rart ut å koma til høgmesse med nattverd i Stavanger domkirke med gamle slitte fjellsko, så eg hadde med skoskift. Det hadde eg ikkje trengt. Det var kaldt i den gamle steinkyrkja og folk sat med vinterkåper og skjerf. Eg kom på låtten av mine forsøk på eit diskret skobytte, og då eg fekk av kåpa oppdaga eg at jakken under var på vranga. Av og til føler eg meg som ein parodi på meg sjølv…

Høgmessa var fin og høgtideleg og starta med at ei songruppe på fire, den eine i kantorkappe kom inn og song ei inngangssalme i inngangspartiet før prosesjonen kom inn med dåpsbarn oo minst fire personar i liturgiske plagg. På biletet over står songarane under preikestolen og syng firstemt.

image

Preika og den katedralstemninga gav meg ein idé til eit litt spesielt påskedikt eg prøver å få skrive ned. Eg trur eg postar det som ein eigen post, elles druknar det i alle bileta og all teksten.

image

På veggene i Stavanger kan ein og lesa tekstar som lagar dikt på veggen. Denne teksten begynner fint, men sluttar litt trist…  «I want love to grab a hold of me…»

Eg vart sjarmert av teksten under, eg veit ikkje om det er eit sitat frå eit eller anna eller spontanskriving på ein vegg…
image

Omtrent akkurat der gjekk batteriet på mobilen min, og eg fekk ikkje fotografert meir gatekunst før me hadde ete lunsj på kafeen på kulturhuset og fått lada litt. Stavanger kulturhus er forresten ein stad eg har stor sans for. Det er ein fin stad å lesa tidsskrift, sitja og skriva og rusla omkring på biblioteket og finna bøker ein har lyst til å setja seg ned og kikka nærare på. Det surrar alltid samtalar på mange ulike språk der. Eg trur mange har biblioteket som ein av dei sosiale møtestadane sine.

image

Ikkje langt frå kulturhuset kunne me lesa på eit av dei fine blå skilta at bygningen framfor oss var det eldste bedehuset i landet. Me såg at det var liv der inne og lurte oss inn for å kikka. Det viste seg at me kom midt i ein kinesisk sundagsskuletime. Etter handbevegelsane å dømma, trur eg barna song ein song om inntoget i Jerusalem på palmesundag og viftinga med palmegreiner. Me vart tekne vennleg i mot, men stoppa ikkje lenge.

image

For det var jo gatekunst me skulle sjå på. Her er me i området rundt Pedersgata.

image

Herremannen under kunne viss trenga at nokon ønskte han god påske.

image

Etter endt oppdrag passa det akkurat med tida å henta Halvard på Sola flyplass. Vel heime vart det mekking av tacomiddag til dei i familien som er heime og har påskeferie. Sunniva kjem i morgon kveld, då er me fulltallige i Bryneområdet…

imageimage

2Denne tortillalefsa har du sikkert lyst til å laga eit ansikt av og fotografera,mor…» sa Ingrid. «Ho er som laga for barnslege vaksne…» Eg var sjølvsagt heilt med på at det måtte vera den perfekte måten å avslutta ein dag full av gatekunst på…

Heid

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: