Namnet mitt er menneske
Først i ferien kjem det ei helg, og før det er det siste dag på jobb. I går vart eg godt varetatt som arbeidstakar. Rektor inviterte til påskefrokost på lærarromet ein halvtime før vanleg skulestart. Det skal ikkje meir til for å gjera ein vanleg morgon uvanleg. Tende lys, påskeliljer og gulfarga kokte påskeegg saman med kaffi og morgonkolleger gjer susen…
Elevane i tredje klasse kom i opp til klasseroma til første time og fekk sjå augenstikkerane dei hadde laga i lag med Siri frå Den kulturelle skulesekken i kvit leire ferdig monterte på steinane dei hadde hatt med. Dei vart kjempefine. Superlimen trong litt meir tid på å herda skikkeleg, så alle insekta får feira påske i vindaugskarmane på skulen.
Elevane på tredje trinn er for unge til å bli inviterte til å få sjå «Heima sjå osse» i Storstova. Takka vera litt velvillige kolleger i både skule og kulturskule fekk eg lov til å ta med meg ei lita gruppe elevar frå trinnet og sjå forestillinga ei gong til. Eg liker å sjå teaterforestillngar fleire gonger, for det er veldig mykje ein ikkje får med seg først gongen ein ser det. Når det er eit manus eg har vore med på å laga, og ein del av «mine» elevar som er på scenen, så er det ekstra kjekt å sjå. Eg skulle gjerne fått med meg alle forestillingane, men to av dei er ikkje verst det heller. Dei var minst like flinke denne gongen, og elevane eg hadde med som eigentleg er utanfor målgruppa, storkoste seg dei og.
Då eg hadde kome opp på skulen att og ete knekkebrøda eg hadde med meg, fekk eg ei melding om at kulturskulelærarane som hadde vore aktive i Storstova skulle eta lunsj saman på «Jordbærpikene». Ville eg bli med? Det ville eg. Det er alltid så velsigna deilig å slappa av saman etter eit stort prosjekt, og spesielt når dei involverte har ei felles oppleving av at dette har vore vellukka. Etter ein time og to tusla eg meg opp att for å avslutta det eg burde koma i havn med før ferien og rydda i rot som har hopa seg opp i travle kvardagar. Klokka vart halv seks før eg sykla heim med ferieutsikter i lomma.
På ein eller annan merkeleg måte blir ein alltid så utruleg søvnig av å få ferie. Det vart ein kveld i sofaen med ei bok, eit strikketøy og ein runde Skavlan. Det var deilig. Nå er eg på føtene att og tenkte å bruka dagen til å pynta litt til påske, skriva litt og koma seg ut på tur. I morgon dukkar Halvard opp i heimen for å vera heime 4-5 dagar, og på måndag kjem Sunniva. Det blir fint.
For meg har påsken alltid vore ei viktig tid, og ei tid som har inspirert meg til å skriva ganske mange tekstar. I dag avsluttar eg med ein tekst frå den siste diktboka mi:
NAMNET MITT ER MENNESKE
Skjærtorsdag med alle luktene,
med lam og brød og vin.
Han vaskar føtene mine.
Tankelaust dyppar eg brødet
i fatet saman med han.
Eg høyrer orda hans,
og kjenner blodet frysa til is
før eg reiser meg og går.
Eg sovnar i Getsemane,
og skammar meg
når eg møter blikket hans.
Eg kyssar han til helsing
før eg ser han segna under krossen.
Eg kastar sølvmyntar ut på jorda,
og bannar på at eg aldri før har sett den mannen.
Eg høyrer hanen gala for andre gongen.
Eg møter han i hagen
før eg får stikka peikefingeren min
inn i såret i sida.
Med matt blikk
ser eg meg sjølv i spegelen
og veit at namnet mitt er menneske.
Frå Ta heller med deg hjartet ditt (2015)
Heidi