Påsketekstar 2016 – del 1- om å få «ungane» heim
På biletet ser de ein som lever det gode liv for tida. Cleopatra har frå begynnelsen av vore «Sunnia sin katt» heilt frå ho fann ein forskremt og heimlaus kattunge då ho framleis gjekk på barneskulen. Då ingen svarte på oppslaga våre på butikken, vart det vesle grå dyret buande hos oss og snart var me sjarmerte i senk alle saman. Ikkje lenge etter kom Halvard heim i matfriminuttet med ein skjelvande, langhåra og stripete liten kattunge som nokon hadde kasta stein på utanfor skulen. Så hadde me plutseleg to kattar. Venus, den yngste var så nervøs at me ikkje visste om ho ville klara seg. Heller ikkje henne melde det seg nokon eigar til, så ho levde det gode kattelivet hos oss heilt til ho dessverre vart alvorleg sjuk og måtte avlivast.
I eit hus der me periodevis hadde både ein gjeng hamsterar, kaniner, to undulatar og diverse skadde fuglungar, flaggermus og rumpetroll som vart småfroskar, så har Cleopatra vore både dagens og nattens dronning heilt aleine dei siste fem-seks åra. Ho er innsmigrande og eigenrådg og får det stort sett som ho vil.
Det hender eg står opp to gonger om natta for å sleppa henne først ut og så inn, og eg har forlengst gitt opp å jaga henne frå tastaturet når eg sit og skriv. Bare når Sunniva er heime får eg fred, for då er eg ikkje så mykje verd lenger. Det mjuke pelsdyret insisterar på å liggja i fanget hennar når ho les, skriv og ser fjernsyn, når ho et og når ho snakkar med nokon…
Det er koseleg når «ungane kjem heim». For ungane blir dei heitande, sjølv om den yngste ungen blir tjueto i haust og den eldste rundar tretti omtrent samtidig. Plutseleg er me ein stor familie att med alle saman innan rekkevidde, og me fekk litt inn i det gamle livet som storfamilie med mange rundt bordet. Nå er Halvard reist tilbake, og Sunniva dreg i morgontidleg, og så er det oss og katten som får halda fortet.
Eg og jentene har nokre nesten rituelle ting me liker å gjera når alle er heime. Ein av dei er å reisa til Stavanger, vandra litt omkring i byen og eta saman ein koseleg plass. På tysdag var me på bytur og det var som alltid kjempekoseleg. Ein tur til » Fargegata» høyrer alltid til.
Ein tur til Figgen fekk me og lagt inn. Der vart det dekka koseleg påskebord til oss med kvar sin påskehare på toppen av glaset.
Og bare for å dokumentera at me har ete noko som var skikkeleg sunt og i påsken, ein nydeleg salat.
I Stavanger fekk eg kjøpt meg «nye spreke vårsko». Eg hugsar då me var barn at me snakka om spreke sko når me fekk av oss dei tunge vinterskoa. At eg aldri vart frykteleg sprek sjølv om skoa var det, er ei historie som ikkje høyrer heime her, men då eg skulle prøva dei på tur, så hugsa eg veldig godt kjensla av lette sko for første gongen om våren.
Påske er og tida for å dekka langbord og invitera slekt og venner og andre som måtte dukka opp… I beste påskeeggtradisjon, så trør me til med litt ekstra sukker, fint mjøl og andre former for karbohydrat. Kvardagen kjem tidsnok tilbake. Her er Sunniva i gjærbaksten. Og eit av dei mange påskeborda under dekking.
Ein tur langs stranda er og ein av dei tinga me gjer nesten kvar einaste gong Sunniva er heime. I går kveld var me på Refsnes, og lyset var så utruleg fint. Slike solnedgangsbilete kan lett bli litt «kitschy» og det er utruleg vanskeleg å fanga det magiske, florlette, pastellfarga lyset med ein mobiltelefon. Men det er lov å prøva…
Her har eg nesten klart det…
I tusmørket får det døde liv, og eg ser heilt tydeleg tre søvnige trollhovud stikka opp av havet på dette biletet. Av og til lurer eg på om det er bare eg som ser det eg ser…
Men at dette er eit blondegardin av lys og sjø, må vel alle sjå…
Som det går fram av overskrifta, så hadde eg så mykje eg ville skriva at eg fann ut at det får bli fleire innlegg… Dei andre kjem etterkvart…
Heidi
From → Barna mine, Kattar, Mat, Natur, påske