Gå til innhald

Middag med Halvard

mai 3, 2016

image

I dag hadde me ein ny variant av det å eta middag saman med nokon. Halvard ringde og var klar for ein prat samtidig som me var klare til å setja oss til middagsbordet. Leif fekk den strålande ideen at me sette mobilen på høgtalarlyd, og la han på middagsbordet. På den måten kunne me prata saman alle tre medan me to åt. At me ikkje har tenkt på det før. Kanskje me kan ha digitale familiemiddagar på sundagane… Det var lenge sidan sist, så det var kjempekoseleg å snakka med han.

Eg måtte gå nokså raskt frå bordet forresten, for i dag skulle eg i veg og fortelja og lesa opp dikt i «Mental helse». Det fine ordspråket på tavla over hang på veggen, så det måtte eg foreviga. Det var koseleg å vera der.

image

Menneske liker seg der det er andre menneske, og noko av det finaste eg veit er gode samtalar. Den siste veka har eg hatt to kveldar til i lag med ulike forsamlingar med flotte damer. På fredag var eg hos Jane i lag med venninner eg har kjend sidan me var sju år og begynte på skulen i lag ein gong for lenge sidan.

image

Eg synest ikkje at eg utan å ha spurt om lov kan leggja ut bilete av venninnene mine på internett, men å leggja ut noko av alt det vakre eg ser hos dei må vel vera lov?

image

I går var eg på besøk hos Magni i eit hus heilt nede ved havet. Det var ein grå og iskald maikveld, men det var fint ved havet likevel. Slik skulle eg gjerne bu…

image

Og det er noko eige med heimebakt brød… Og med ein gjeng damer som set pris på gode samtalar.

image

Denne veka har me leseveke med elevane. Det betyr at me har fokus på lesing og litteratur heile veka. Ikkje minst har me øvd på å lesa instruerande tekstar. Dei har bakt kaker, utført fysikkforsøk og spelt spel etter skrivne oppskrifter. I morgon skal eg fortelja i tre omgangar om Astrid Lindgren sitt liv og forfattarakap, og lesa høgt om då Emil, grisen og hønene åt gjæra kirsebær og vart fulle. Ein av favorittscenene mine frå Emilbøkene er når Emil er innkalt til oppvaskmøte i godtemplarlosjen. Idet han kjem inn og opp midtgangen syng koret: «Du unge mann som glasset tar med dødens gift deri…»

Related image
Eg håpar teknologien står meg bi, for eg har tenkt å vida illustrasjonar på storskjerm, mellom anna ein del av desse fantastiske illustrasjonane til Lisa Aisato. Eg er utruleg fascinert av hennar teikningar og innrømmar at ein stor draum hadde gått i oppfylling om eg hadde fått lov til å laga biletbok i lag med henne.
26193564274_ab3934baff_o
 Våren innhentar oss sjølv om det framleis er kaldt. Dei første bjørkene har forsiktig og langsomt ikledd seg grønt, og det søtaste vårteiknet eg veit om er nyfødde lam på beite. Denne krabaten møtte me då me reiste ut på ein liten fototur nå i kveld.
Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: