Gå til innhald

Helsing frå ein ekte hypokondar?

mai 2, 2016

image

Eg har tenkt at eg er i alle fall ikkje hypokondar. Då hadde eg vel hatt vit til å koma meg til legen? Sidan eg var der for nøyaktig ei veke sidan, kan eg retta ryggen og stå ope fram med at det var nesten ti år sidan sist eg var der, så akkurat nå er eg eit rasjonelt og fornuftig menneske som tek ansvar for eigen helsetilstand…

Eg fekk plutseleg uventa støtte frå ein artikkel eg kom til å lesa at det kanskje rett og slett er ekte hypokondar eg er. Avsnittet under er skrive av Svein Inge Olsen og hendlar nettopp om korfor ekte hypokondarar ikkje går til legen. Eg må jo innrømma at eg lo litt med ei viss grad av gjenkjenning som ein klump i halsen…

«For oss som lider av dødsangst er det fantasien som løper løpsk. Jeg har pleid å si at jeg hopper heller utfor 10. etasje i ei blokk enn å ta en blodprøve. Når man hopper går det fort over, men å ta en blodprøve for så å gå å vente på dødsdommen er en grusom tanke. Helt uutholdelig faktisk. Har man sterk nok helseangst er man nemlig sikker på at det er dødelig. Hvis man ikke er sikker, tør man i alle fall ikke ta risikoen.

Sist jeg tok blodprøve var i 1983, det begynner å bli en stund siden.» Svein Inge Olsen

Det er alltid ein viss fryd i at nokon kan vera endå dummare enn meg sjølv, så nå sit eg med ei god kjensle av å vera eit modig, ansvarleg og vakse menneske…

Då eg for ei veke sidan vakla ut av laboratoriet og gløymde å betala på automaten, visste eg at nå kunne eg gå der og venta ei veke eller meir på dei diagnosane eg kanskje trudde at eg kunne ha. Nokre av dei ligg til familien, så sjølvsagt burde eg ha sjekka det for lenge sidan.

Etter ein kjekk sistetime på torsdag der eg hadde hatt tre klassar i vesleaulaen for å fortelja om barndomen til Arne Garborg, kasta eg rutinemessig eit blikk på mobilen. Hjartet mitt gjorde eit hopp, Sandtangen legesenter hadde prøvd å ringa meg. Eg visste at det ikkje dreia seg om rekninga eg hadde sprunge frå. Eg hadde forlengst snakka med dei om det på telefon, og dei beklaga at betalingsselskapet allereie hadde send ut ei rekning i posten med straffegebyr på femti kroner. Det gjorde dei automatisk om ikkje betalinga kom same dagen, og då eg oppdaga det ein time etter at eg gjekk ut, var kontoret stengd, så det hadde eg ikkje rukke. Eg hadde svara blidt at femti kroner skulle eg stå i, det var ikkje noko problem i det heile tatt. Eg snakkar med legesenteret med eit lett hjarte og ein munter tone så lenge det ikkje dreier seg om helsa mi.

Men nå hadde dei altså prøvd å ringa meg. Med ltt skjelvande hender trykte eg på nummeret for å ringa dei opp att. Kva for ein av diagnosane kom eg til å få? Alle saman?
Det viste seg at fantasien ikkje strekte seg langt nok. Dei hadde nemleg funne ut at eg hadde D-vitaminmangel. Alt det andre var heilt ok. Det å mangla vitaminer er jo faktisk ein agatell samanlikna med det meste, så eg vart svært letta…. Eg måtte jo googla D-vitaminmangel. Eg fekk opp at ein blir energilaus trøytt og slapp av det. Ein kan bli litt deprimert. Ein kan få reumatismeliknande smerter i kroppen. I verste fall kan det gå ut over beinsubstansen og i aller verste fall gå ut over hjartet… Det rare er at plutseleg har eg høyrt om så mange som manglar dette vitaminet. Er det den nye folkesjukdomen.

Desse symptoma var meg i grunnen ukjende, men eg forstod at her må ein i gang med vitamintilskota fortare enn fort før symptoma set inn. Det beroliga meg litt at tablettane var reseptfrie, men eg måtte ringa ein gong til fordi eg hadde gløymt dosen…

Eg er ei flink jente som ikkje overlet slikt til tilfeldigheitane… Dei siste dagane har eg i tillegg til tablettane sett til livs ein boks makrell i tomat kvar dag. Eg kjenner at det trur eg ikkje eg skal gjera i dag…

Så skulle eg koma innom laboratoriet og ta ein ny blodprøve om to månadar for å finna ut om eg hadde fått nivået opp att. Det er klart eg skal gjera det… Men eg ser ikkje vekk i frå at eg kjem til å nevna at det er heilt unødvendig å ta andre prøvar sidan eg faktisk hadde ein heilsjekk i april… Og i sommar har eg verdens beste grunn til å liggja flatt i sola og vera lat. Eg har nemleg fått beskjed av legen om å få sol på kroppen…

Mi gode venninne Gunn hadde forresten eit visdomsord om å gå til legen då eg fortalde at eg ikkje var der så ofte. Den kloke mora hennar hadde sagt fylgjande: «Dokteren har meir enn nok å gjera. Han har ingen interesse av å planta sjukdomar i deg som du ikkje allereie har…»

Eg ler litt av meg sjølv og mine i-landsproblem.  «Dæ æ ei lokka»- som det heiter på desse kantar av verda- at eg i det minste har sjølvironi.

Heidi

 

 

 

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: