Gå til innhald

Nytt syn på verda

mai 13, 2016

image

Nå har eg sett lyset … I dag fekk eg melding om at eg kunne henta dei nye brillene mine…
Den forrige brilleinfatninga brekte under eit uhell på jobb, og eg måtte få sett dei gamle glasa inn i nye rammer. Sidan eg er totalt avhengig av briller, og ikkje høyrer til den kloke, planeggjande sorten som sjølvsagt har reservebriller heime, så måtte eg finna ein infatning som passa sånn nokonlunde slik at eg kunne sjå inntil vidare… Først då gjekk det for alvor opp for meg kor skoddete og skrapete dei gamle brillene var… Det siste halve året har eg hatt eit skoddebelegg på dei eg ikkje har fått vekk. Optikaren kunne fortelja meg at det kom av at overflatebelegget som skulle vera der var heilt øydelagd… Inntil vidare fekk eg leva med skoddesyn, men eg innsåg at noko måtte gjerast.

Å finna ny innfatning er vanskeleg, spesielt når eg i grunnen ikkje ser den personen i speilet med tome briller på nasen. Etter litt gode råd ende eg opp med briller som faktisk er av lett tre med veldig lette lilla metallstenger på sidene. Dei er utruleg lette, og eg håpar dei snakkar sant når dei har lova meg at dei skal tola like mykje som vanlege briller…

Klok av skade har eg fått sett nye glas inn i den innfatninga eg fekk då brillene brakk, så nå har eg plutseleg to par, i alle fall kjem eg til å ha det når dei nye glasa er på plass.

Viktigare enn korleis eg faktisk ser ut er at eg faktisk ser ut gjennom dei, og at eg liker det eg ser. Er det slik det er å sjå skikkeleg? Alle ting er blitt nye… Eg blir ikkje ferdig med å sjå. Eg takkar Gud og alle gode makter for optikarkunsten som bergar meg frå det som nesten hadde blitt eit moldvarpliv…

Gamle briller øverst til venstre, reservebriller med prikkete bakgrunn og dei nye til høgre. Sidan eg har eksepsjonelt snille og velvillige lesarar på bloggen, så vil sikkert nokon seia at eg passar alle tre para veldig godt…

Elles så har me teke steget inn i ei ny langhelg, og sommaren har vore på besøk og teke eit steg til sides for å gje plass til vår gamle venn nordavinden. Eg har mykje eg skal gjera og må få gjort i helga, og det blir sikkert fint alt saman.

I dag skunda eg meg ned til kjøpesenteret, nå med post i butikk, for å få send i veg ein pakke til minstejenta som fyller år den 19. Eg trudde eg for ein gongs skuld var ute i god tid, men då eg stod i kø på obs for å betala sjokoladekakemiks som eg ville putta oppi kassen, så forstod eg at min vane tru så småsprang eg i mitt ikkje alt for raske naturlege tempo minst ei langside bak dei fleste andre. Folk stor der med små fjell i handlevognene sine og skulle handla til pinse og 17.mai… Så langt har eg ikkje kome i tankane ein gong. Ei dame bak meg i køen fortalde at nå hang bunadsskjortene ferdig strokne på hengarane, og den kvite duken låg klar på langbordet. Ho andre skulle henta blomar ho hadde bestilt i blomsterbutikken. Eg har kome så langt som til å tenkja tanken å kanskje få noko til å ha i bedet og ei og anna krukke til 17.mai, men kanskje eg skulle ha tenkt på det for lenge sidan.

Då eg endeleg kom til posten, tenkte eg at eg i det minste er tidleg ute med å få send pakken til Sunniva. Optimistisk skreiv eg med svart tusj utanpå: Opnast 19. mai…

Den smilande dama i postavdelinga sa: «Ja, då blir denne send på onsdag?» – «På onsdag?» sa eg lett forferda. «Ja, det er jo 17.mai på tysdag,» svarte ho. Det visste eg, men eg var då sikker på at det gjekk post i kveld, og i morgon, det er då postavgang på laurdagar her i landet? Tydelegvis så gjekk det ikkje post på pinseaften… «Men pakken kjem vel fram på torsdag?» spurde eg. «Reknar me ikkje eit døgns postgang innanlands?» Eg fekk til svar at då skulle eg vera veldig heldig. Eg sende pakken på dyraste måten i håp om å få han fram. og er optimist. Eg har til vane å tru på under…

Kanskje eg må sjekka at matbutikkane har vanleg opningstid i morgon… Viss dei og har pinsestengd, så får me finna nokon å gå på besøk til…

God pinsehelg, alle saman!

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: