Tusen bitar
I dag måtte eg bare ut og inspisera Midgarsormen, gangbrua mellom Njåskogen og sykkelstien på den andre sida av Frøylandsvatnet. Brua var blitt skikkeleg fin, og er akkurat brei nok til at to syklar kan passera einannan dersom begge viser hensyn og tek det litt med ro. Sola skein i dag og, men vinden var iskald og sommaren har teke ein pause. Eg sakna vottar på fingrane som nesten fekk «naglabed» på sykkelstyret.
Eg har brukt mesteparten av dagen til å jobba med boka eg skal gje ut i lag med jentene på skapande skriving. Det er spennande arbeid, men det tek lang tid å koma i mål. Eg plukkar ord og setningar frå tekstane deira som me kanskje kan bruka til tittel på boka. I timane våre på torsdag skal me fotografera bileta me skal bruka i boka, bli einige om tittel, og laga små presentasjonar av kvar av dei ti forfattarane. Her er nokre aktuelle titlar. Kva kling best, mon tru?
Eventyrmetoden
Tusen bitar
Eigentleg som ein kameleon
Det beste som kan henda
Så glad at eg ikkje trur det er mogleg
Dette presset med å vera best
Faktisk ikkje slik
Terningkast
Sjølopptatt
Så flink i snøballkrig
Draumar i ei sommareng
Det mørke holet du faller ned i
Men likevel så langt borte
Det ingen veit
Så glad at orda stoppar
I morgon har eg to oppdrag. Først er det sundagsskule i kyrkja, og så skal eg til Hå gamle prestegård for å selgja lodd før me får besøk om kvelden. Det kan koma til å bli ein fin dag.
Heidi