How
Dagens høgdepunkt var eit besøk på teateret saman med gode venner, der me såg «Teaterkonsert How». Biletet over er henta frå nettet.
Det me såg var eksperimentelt musikkteater, med eigenarta og lettare forskrudde handlingslinjer. Som Nikolaj Cederholm (konsept og instruksjon) skriv i føreordet på programmet: «Vi har satset udfra devisen om at det er bedre at løbe linen ud end slet ikke at løbe.»
Det skal seiast i utgangspunktet at eg alltid har hatt sansen for det litt sære, ta det med i betraktningen når eg seier at stykket var ei stor oppleving. Det var så musikalsk og dyktig laga over ein til dels heilt utelatt raud tråd. Eg vart spesielt imponert over Mareike Wang, For ei utstråling på den dama. Stykket bestod av tre akter som stod nokså fritt kvar for seg. Andreakta skulle vera ein slags dokumentarisk bearbeiding av eit trekantforhold der Espen Hana vart sviken av Mareike Wang etter åtte års samliv og to barn, det ende med at ho forlot han til fordel for ein kollega av dei begge, Svein Solenes. Dei skulle alle tre spela seg sjølv ,og gjengestalta dramaet på scenen, via heftig song, musikk og drama. Det var så overbevisande gjort at eg faktisk oppriktig trudde på historien ganske lenge. Eg må innrømma at eg til og med har googla for å finna ut om historien var sann eller ikkje. Alt tyder på at det bare var ei overbevisande godt framførd røvarhistorie.
Resten av dagen har eg brukt på å jobba med boka til Skapande skriving. Eg ser at det nok kjem til å ta mesteparten av morgondagen og… Men det er skapande arbeid som eg kosar meg med.
I kveld var det plutseleg ei mildare luft over byen att og det lukta hegg og honning frå trea langs vegen medan me vandre i fylgje gjennom mainatta og snakka om kor lyst det har blitt om nettene nå.
Og det er vel best å ta kveld så eg kan orka å ta tidleg morgon…
Heidi