Gå til innhald

Æille har et syskjenbån på Gjøvik…

juni 12, 2016

image

Æille har et syskjenbån på Gjøvik, og i går eksisterte dei i hordevis bøygde flatt over sykkelstyret med kondomdress og startnummer på brystet. Tanken på å gjennomføra eit Nordsjøritt gjer meg stum og skjelven, spesielt etter å ha fått førstehandsinformasjon om kva strabasar dei skulle gjennom. Ikkje misforstå meg, eg er ikkje ute etter å ironosera, tvert i mot er eg imponert over pågangsmot og innsatsvilje. Eg kjenner folk som har gjennomført med brukne ribbein, vonde hofter og infeksjonar i kroppen, og eg ser at folk på åtti gjennomfører, så i og for seg har eg nok av tid på meg til å koma i Nordsjørittform. Det kunne truleg la seg gjera om eg satsar maksimalt på å få det til. Eg har vel mine tvil om denslags lyster skulle koma over meg, men det er då ei slags trøyst at ingenting er umogleg.

Sjølv er eg stolt av at eg har ein son på tjueni som gjennomførte, det er vel det næraste eg kjem… Nå hadde eg i og for seg ein mann som hadde kome så langt som til å melda seg på, men som måtte droppa det etter ein flytur over sykkelstyret ein gong i vår med føtene i klakkpedalar for nesten første gongen… Det enda med ein brukken arm og ein nestenbrukken arm, men eg trur ikkje han har avskrive nye ritt når rekonvalesensen er vel avslutta. Han med det…

Det er godt me er forskjellige. Det er mange kjekke stader ein kan koma til både på sykkel og joggesko utan at det treng å vera ni mil det dreier seg, og for å seia det slik, det er større sjanse for at eg syklar nordsjørittet enn at eg kryssar Hardangervidda, eller for den saks skuld, Grønland, her kan eg jo faktisk ta i så mykje eg bare vil…, på ski…

Eg hadde ein fin dag utan startnummer, og stod eg ikkje i Tinghaugbakken og heia på eldsteguten og andre kjende. Det er viktig å gjera det og. Om kvelden bakte eg brød med tyttebær og mandlar etter oppskrift frå Fiona. Det smakte vidunderleg sjølv om eg klarte det kunststykket å få det litt råsteikt inni med brend skorpe. Eg prøvde meg med litt for høg temperatur på steikeomnen for at Gerd, som var på besøk skulle få nybakt brød til kveldsmat. Jordbær, cherrytomatar, ost og aprikosar var godt tilbehøyr. Etterpå kraup eg opp til fjernsynsstova på loftet og såg på dronning Elisabeth sitt nittiårsprogram medan det var fotball som gjaldt i stova.
Dama har med åra fått eit mildt preg over smil og blikk, og apropos syskjenbån på Gjøvik; Ho rir på hesten sin kvar dag… Det er litt hyggeleg å tenkja på at eg i teorien kan ri lange turar om sånn ca trettifem år, i alle fall har andre gjort det før meg… Som eit resultat av at det har vore intenst travle veker i det siste, så sovna eg faktisk før dronninga og vakna midt i neste programpost.

I dag har eg hatt fin frokost med min mann der me nesten har ete opp tytebærbrødet frå i går, eg var tidleg oppe og har orna både det eine og det andre. Nå sit eg her og skriv og høyrer på gudsteneste i avvente av ein oppstandelse i heimen relatert til yngstesonen som er heime. Det gjeld å vera her når han har tid til å slå av ein prat mellom alle programpostane i eit heimeopphald der dei fleste ikkje har samver med foreldre som overskrift. Veret er vakkert og eg har plukka meg sundagsbukett i verandapottene, han er ikkje stor, men fargerik og fin.

image

Snart skal eg på kunstutstilling på Sandnes. Relatert til det første avsnittet så får eg kanskje skriva at planen min er å sykla til Kverneland og få haik derifrå, men det imponerer truleg ingen sett i forhold til det som skjedde i går… Æille har et syskjenbån på Gjøvik er forresten ein av mine favorittsongar… Kanskje eg må ta med teksten her for dei som ikkje kan han utanåt?

Det viste seg å vera merkeleg vanskeleg å finna teksten, så det blir Nora Brockstedt som syng i staden. Ingen gjer det betre enn henne.

Og når vi går en daglig tur til mjølkerampa vår, går syskjenbånet fjelltur og er femognitti år…

Ha ein fin sundag!

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: