Gå til innhald

Skuleferie

juni 22, 2016

 

Så er plutseleg begge føtene på den andre sida av terskelen, og skuleferien har begynt. Nå skal grinda opnast til det store, romslege sommarlivet. Eg skal bare landa først og finna att kvilepulsen.

Skuleåret er avslutta som seg hør og bør med mange og lange klemmar, høgtlesing og song og dans både i lille- og store- aula. Talar er avhaldne, tunge kassar er borne opp og ned lange trapper, og avslutninga av året er feira i fleire rundar med god mat, nå sist med fantastiske kaker frå FAU til dei vaksne på skulen.

I dag då eg såg klassar gå på tur for å ha første del av avslutninga ute, dukka ein dag som må ha vore for rundt rekna seksten år sidan. Eg hadde siste skuledag med klassen som eg hadde hatt i alle år på barneskulen og som nå skulle over i ungdomsskulen. Slikt skjer sikkert ikkje lenger, men på ein eller annan måte hadde eg klart å få lov til å ha dei frå dei begynte i første klasse til dei gjekk ut barneskulen.

Den pedagogiske pendelen var ein heilt annan stad då enn nå, og dei hadde levd det friaste elevlivet eg nokon gong har gitt noko kull med masse prosjektarbeid, arbeidsplanar og mykje sjølvstyrt tid. Dei hadde skuleband, hadde drive gymgruppe for yngre elevar og sett opp eigne teaterforestillingar, dei hadde vore på hyttetur på Nedstrand ei helg, og overnatta på flatseng i klasseroma på ungdomsskulen.

Dei hadde til og med hatt fleksitid og kunna samla opp avspasering gjennom å møta ein time for tidleg eller vera ein time lenger om dagane. Me lærarar var trufne av ei idealistisk bølgje frå Sverige og hadde søkt om lov til å jobba gratis ein time kvar kvar veke der me kom tidleg eller var ekstra lenge som ein del av eit forsøksprosjekt med fleksitid for elevar.

I ettertid kan det nok stillast spørsmålsteikn med deler av den store fridommen dei nytte, og ved prinsippet «ansvar for eiga læring,» men eg hugsar desse åra som veldig spesielle arbeidsåret. Dette var før me i stor grad gjekk over til fagdeling, så dette var «min klasse» som eg hadde veldig mykje eineansvar for saman med Thorbjørg, som var det som den gongen heitte assistent.

Denne siste skuledagen for seksten år sidan var eg stuptrøytt etter eit utruleg intenst skuleår, og i sorg over å skulle senda «barna mine» frå meg. Dei på si side var det som på godt jærsk heiter «spinnhøge». Eg fann ut at me burde koma oss ut av skoleområdet slik at den aller siste dagen skulle bli god. Thorbjørg og eg tok dei med oss ned til Mølledammen, eg meiner me sette oss ved det vesle kvernhuset ved fossen. Der las eg eit lite kjend kapittel frå Ole Brumm- bøkene der Kristoffer Robin fortel Ole Brumm at livet aldri meir kjem til å bli heilt det same. Han er blitt stor gut som skal vidare i livet og ikkje kan dra med seg ein teddybjørn på same måte som før. Likevel må aldri bamsen tvila på at han kjem til å vera hans eigen Ole Brumm so alltid kjem til å ha ein spesiell plass i hjartet hans…

Eg hugsar at eg las med ein stor klump i halsen, og tenkte at så glad kom eg aldri meir til å bli i ein skuleklasse. Heldigvis er det ikkje slik det fungerer. I hjartet kan det alltid opna seg nye rom for nye barn…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: