Den rare dagen før ei lang reise
Det er alltid merkeleg å gjera seg klar til ei lang reise. Det å rydde, pakka og gjera seg klar til å «leva i koffert» i lang tid. Kva treng ein og kva treng ein ikkje? Eg har sansen for litt minimalisme på reising, men i så måte rekk eg ikkje reisekameraten min til knærne… Nå står det bare att å pakka det sim ikkje er klær, i-pad, kindle, ei bok eller to, ei bok til å skriva i, kulepennar… Det er noko litt befriande med å reisa i frå det meste… Og noko litt anstrengande med eit «0ppbrudd». Har eg hugsa alt eg må ordna før eg reiser? Hm, når eg tenkjer meg om så er det noko eg har gløymt, ei reiserekning som ikkje hadde nådd fram, nokre verandapotter eg ikkje har fått fylt… Men det får eg gjera når eg kjem heim…
Eg har rydda vekk ting eg lenge burde ha rydda i, det rare er at når ein reiser eller kjem heim så ser ein i små glimt heimen sin meir som andre ser han. Eg legg merke til at me framleis ikkje har fått på plass den lista under oppvaskmaskinen, og at det er nokre flekkar på golvet me burde ha prøvd å få vekk… Burde ikkje gardsromet ha vore feia, og dei sekkjene med blomsterjord, skal dei bare liggja der dei ligg? Det fine er at alt dette kjem til å vera gløymt når eg kjem meg i veg…
Eg høyrer på Sommar i P2 og på musikkmøte. Det er så fint at nå kan ein høyra slike program når ein har lyst og tid. Akkurat nå er det forresten direkteradio som eg høyrer direkte frå macen, sommar i P2 me Sigvart Dagsland. Veldig koseleg. Odd Christian har vore innom for å henta mesteparten av bagasjen me skal ha med, og om eit par timar skal me henta Sunniva på flyplassen. Eg gleder meg til å skriva om det me skal sjå og oppleva. Nå skal me bare leggja siste hand på førebuingane og så er me klare, midt på natta reiser me sørover for å ta morgonferga frå Kristiansand. Eg gleder meg litt til å sjå solloppgangen og dei tidlege morgontimane…
Det har ikkje vore bare jobbing i dag. Eg har og leika meg litt med å laga ferdig ein collage eg begynte på ein annan kveld. Det er ikkje stor kunst, men det er kjempekoseleg å halda på meg. Kanskje den kunstnariske kvaliteten og går opp når eg får meir trening i å finna ut korleis papiret oppførerer seg når det skal limast på lerret med decoupagelim?
Motivet er for dei som ikkje ser det, den sårbare og sterke blå planeten me bur på. Eg trur heldigvis at jorda og kvilar i ein større omsorg, og at jorda er meint å vera vakker. Eg skreiv for to dagar sidan at det var ein som lurde på om eg hadde ord liggjande som ønskte seg ein melodi… Eg fann ein del tekstar, og den siste skreiv eg på sparket etter eit førsteutkast eg fann på ein papirlapp som låg laust i ei notisbok. Melodien var nydeleg, men eg oppdaga at eg kanskje synest sjølv at teksten er litt uferdig. Det er ein slags salmetekst om å ta vare på jorda. Dei siste åra har eg blitt meir og meir oppteken av at me faktisk må gjera noko før det er for seint.
Teksten er slik akkurat nå. Eg tek gjerne i mot tilbakemeldingar og gode råd.
Kom hjelp oss vår skapar
Når dagen med sanninga
fylgjer vårt spor
og visar kor dumt me har handla,
når me vågar sjå,
me har såra vår jord,
og ber om at alt blir forvandla.
Når kvelden er komen
og speglane ser
med blikk som oss tungt vil fordømma.
Når me opnar auga
og ser kva som skjer
og alt det me vil er å rømma.
Så, tilgi oss Herre,
me hugsa å ta,
men gløymde å dela og tenkja,
Me sansa oss ikkje,
alt ville me ha,
ja, alt det som glitra og blenkja.
Kom hjelp oss vår Skapar
Kom skap oss på ny
eit håp når alt håp vil forsvinna.
Eit håp for kvart hjarte,
eit håp for kvar by,
hjelp oss som har vore forblinda.
Kanskje treng eg eit nytt førstevers? Eg veit ikkje heilt… Eg får ta tida litt til hjelp.
Heidi
Synest det er fint!
🙂