Lunsj i eit drivhus på Salte
Dette er dagens mest eksotiske oppleving. Eg har ete lunsj ved eit vakkert dekka bord i eit drivhus med fin gammal brodert duk mellom tomatplanter, drueranker og fine blomar. Eg og Elise var så heldige at me var inviterte ned til Tora. Ute var det delvis sol og ikkje så mange regndropane, men vinden var av det kjølege slaget. Inne i drivhuset var det varmt og godt og solvarmen kom til sin fulle rett. Me hadde nokre kjempekoselege timar i lag med nybakte rundtstykke, te og masse godt pålegg, og kaffi og jorrdbær til dessert. Eg er heilt overbevist, sommarmåltid i drivhus er tingen. Det er ikkje feil å eta saman med to kloke, vakre og gilde damer heller. Eg trur den nye trenden må vera å løysa verdsproblem i drivhus med norsk somar utanfor glasrutene.
Det har vore ein fin og sosial dag. Etter fruemåltidet på Salte, = eit herremåltid for damer, møtte eg Astrid og fekk ein vandrande prat med henne. Sidan begge to hadde ein del på timeplanen i dag, så nyttevandra me frå Bryne saman, med varene i dei to sykkelkorgene på sykkelen min.
I kveld har me og vore i godt selskap. Me var inviterte til kveldsmat hos Arne og Hilde, og sykla bort i sjutida med eit nybakt brød i sykkelkorga. Etter måltidet sat me ute i ein lun krok og bare sugde til oss sommarnattslyset, med ullsokkar på opptrekte føter og teppe rundt oss. Det er litt vemodig at nå har me kryssa grensa til juli månad for tre kvarter sidan, og i morgon er det den store rydde- og pakkedagen. Eg og Leif skal på langtur, den eine ferieveka skal flettast inn i tre nye ferieveker, og når me kjem heim att er det blitt august, men hus og katt skal ivartast av andre, i tilfelle nokon skulle lesa dette som ein beskjed om at huset skal stå tomt…
Som alltid når eg skal på langtur, så får eg litt reisefeber, og tenkjer «Korfor i all verda gir eg meg ut på dette, tenk så deilig det hadde vore å bare vera heime… Heldigvis tilseier all erfaring at når eg først kjem meg i veg så er eg ikkje til å stoppa… Det blir heilt sikkert veldig kjekt… Første etappe er ei veke i Danmark. Det er nesten som i songen om dei som skulle på bærtur til Jørpeland: «Pitter si mor og tanten dis, med ungar og farar og hond og gris»… Grisen skal me ikkje ta med, men mopsen skal til Danmark, barna minus Halvard, svigersonen min og foreldra mine skal til Danmark. Og me skal stå opp midt på natta for å rekka første ferga frå Kristiansand. Då me planla det ein gong i vinter høyrdest det nesten litt sjarmerande ut å starta kjøreturen midt på natta… Og det blir det vel sikkert og… Det er ikkje så ofte eg får med meg soloppgangen og dei første morgontimane nå på sommaren…