Så forgjengeleg
Planen min var absolutt å skriva eit langt innlegg i kveld, men plutseleg er kvelden nesten borte, og i tillegg har eg ei elektronisk biblioteksbok som snart blir levert tilbake av seg sjølv som eg gjerne vil koma gjennom.
Så forgjengeleg ein kveld er, ei helg er, ein sommar er. Eg synest at hausten har vore tidlig til å prega naturen i år. Sjå kor gyllent det er ute allereie. I morgon lovar eg å skriva meir. I kveld får det bli å fortsetja på ein tekst eg har lyst til å dela og allereie er i gang med å dela:
Litani i ein velferdsstat frå den svenske katolske kyrkja si bønebok.
Fra isolasjonens helvete- frels oss, Herre.
Fra likegyldighet for andre- frels oss, Herre.
Fra mangel på innlevelse- frels oss, Herre.
Fra rastløshet og angst- frels oss, Herre.
Fra slaveri under arbeid- frels oss, Herre.
Fra slaveri under stoffmisbruk- frels oss, Herre.
Fra selvbedrag og tomst snakk- frels oss, Herre.
Fra selvgod skråsikkerhet – frels oss, Herre.
Heidi
Du veit det er enklare å lesa korte innlegg, og dette var kort og veldig godt! 🙂
Takk 🙂 Eg veit det, men skrivekløen er så stor 🙂