Jordbær til administrasjonen…
Første skuledagen med elevar, fekk eg ein strålande idé: Hadde det ikkje vore koseleg å overraska dei i administrasjonen med noko som viste at dei var sette pris på? Heilt spontant fekk eg det for meg at eg kunne gå ned på Kiwi og kjøpa med meg noko sommarleg. Moeller, eller kanskje jordbær eller bringebær? Eg tok med meg ein elev ned for å handla inn. Han fekk vera med på å bestemma at det skulle bli jordbær. Me plukka med oss jordbær frå fruktdisken, og i tillegg tok me med ei øskje halspastillar, fordi han klaga på vondt i halsen. Me var heilt einige om at utanfor skuleområdet måtte det vera heilt ok å pleia si såre strupe med ein ørliten halspastill…
Ikkje lenge etterpå stod me i kassen og skulle betala, bak oss stod det ei dame som og skulle betala, så eg prøvde å vera rask. Kor kunne bankkortet ha gøymt seg, det samlar seg så mange kort, så av og til er det vanskeleg å finna det rette. Det opplever eg ganske ofte for å vera ærleg. Eg kjende at eg vart meir og meir varm i hovudet, for etter å ha leita gjennom alle korta tre gonger var framleis bankkortet heilt fråverande. Plutseleg steig det ein pinlig mistanke opp i meg. Kvelden før hadde eg kjøpt billettar på ei forestilling via nettet. Då hadde eg måtta tasta inn kortnummeret. Forklaringa måtte vera at eg hadde gløymt å leggja det tilbake, og at det sannsynlegvis framleis låg til venstre for tastaturet på skrivebordet mitt…
Eg beklaga så godt eg kunne, og sa at eg ikkje skulle ha jordbæra likevel. Eg ville bare betala for halspastillane. I lommeboka hadde eg ein tjuekroning i tillegg til nokre utanlandske sedlar og myntar frå i sommar som eg ikkje hadde fått rydda vekk… Eg drøymde ikkje om at ei øskje halspastillar kunne kosta meir enn tjue kroner, men jenta i kassen slo inn og forlangte tjuefem kroner. Eg skulle til å seia at då skulle eg ikkje ha den heller, då eg oppdaga at han som var med meg for å bera jordbær alt hadde teke av plasten. Det hadde eg full forståing for. Eg hadde jo sagt at han kunne ta ein så fort me hadde betalt…
Kva gjer ein i slike situasjonar, mon tru… Det var lite truleg at ho i kassen ville ha euro, slåtti eller danske frimerke i betaling… Då var det ho bak oss i køen sa: «Eg betalar det du manglar», kor mykje treng du? «Ho manglar fem kroner,» sa ho i kassen, og før eg hadde fått tenkt meg om hadde ho lagt fram ein femmar. Eg takka veldig fint og sa at eg ville betala tilbake så fort eg fekk sjanse. Ho sa at ho med stor glede spanderte ein femmar på meg. Eg tilbaud henne fem euro i byte, men ho skulle ikkje til utlandet og trong ikkje euro, derimot ville ho svært gjerne at eg bare tok i mot…
«Kjenner du meg igjen, Heidi?» spurde ho blidt. «Det er noko kjend med deg, men eg klarer ikkje å plassera deg,» måtte eg innrømma. «Du var læraren min, men du har jo hatt så mange, så du kan umogleg hugsa meg,» sa ho. «Eg er Gro Anita.» «Hei, Gro Anita, så utruleg kjekt å sjå deg,» sa eg, og meinte det i heile meg. «Så klart eg hugsar deg, eg hugsar deg kjempegodt. Dokke var jo den første klassen min. Eg kjem aldri til å gløyma ein einaste ein av dokke. Det er bare det at eg hugsar heilt nøyaktig korleis du såg ut då du var sju og då du var tolv, men det er det meir enn tjue år sidan!» Og det er sant. Eg har heilt klare indre bilete av alle elevane eg har vore kontaktlærar for, men ein del av dei kjenner eg rett og slett ikkje igjen når eg ikkje har sett dei på mange år. Så om nokon av dei skulle lesa dette, dersom eg ikkje kjenner deg på gata, skam over meg, så er det bare fordi det indre biletet eg har av deg er biletet av eit barn.
Eg fekk god klem av Gro Anita og forsikringar om at ho faktisk var glad for at eg mangla fem kroner slik at ho fekk lov til å hjelpa. Det som varma endå meir var at ho sa at ho hadde veldig gode minne frå skuletida. Det ho hugsa best var då eg i mai 1989 brukte den store mammamagen meg Ingrid inni til å demonstrera forskjellen på b og d… Det hugsar eg faktisk sjølv og… Eg trur eg hadde svart bukse og inntilsitjande stripete genser…
Det er ikkje første gongen eg har opplevd ting som liknar på dette. Det er fantastisk å oppleva at ein både kan gi og få ein femmar den gongen det verkeleg betyr noko… Dersom du skulle lesa dette, Gro Anita… Tusen takk, det var det aller finaste eg opplevde denne dagen. Og til dokke i administrasjonen… Eg håpar tanken tel meir enn morellene og jordbæra de aldri såg snurten til… Kanskje det kjem nye høve…