Gå til innhald

Medan det luktar jord og gras og tidleg haust

september 2, 2016

image

Av og til finn me oss sjølv i vare, vakre, vemodige og litt triste møte med livet og fortida. På onsdag fekk eg ta del i gravferda til Jacob Bergeland, min gamle tysklærar, ungdomsskulerektor og nabo.  For meg var han og faren til Kristin og Jørn Mikal, som av og til var bare far og viste filmar i barneselskap eller bladlus på rosene sine. Det var ei veldig fin og høgtideleg stund i kyrkja, der eg syntest eg vart endå betre kjend med eit menneske som har vore i eit hjørne av horisonten min i snart femti år, og som eg hadde trudd skulle vera der mykje lenger. Sidan far og mor har hatt mykje kontakt med han og kona, har eg stadig fått helsingar og høyrt nytt om dei sjølv om me ikkje møttest så ofte.

Så stod me der ute på kyrkjegarden, eg og mor og far, syster mi og bror min, tante og onkel. Me stod der i lag med barndomen sitt nabolag. Eg registrerte at det hadde gått meir enn tretti år sidan me var naboar. Alle var blitt ein generasjon eldre, og på same tida var det merkeleg kjende menneske, bare tretti år eldre enn då eg eigentleg kjende dei. Salmesongen var lågmælt, men høyrbar, det lukta gras og jord og tidleg haust medan presten kasta tre skuffer mold på kista. Me stod der og kjende på det store forgjengelege livet me er ein del av, og eg kunne ikkje la vera å forsiktig plukka eit grått hår av jakkeryggen til onkelen min som stod framfor meg. Eg bad ei stille bøn for dei som nå står midt i sorga. Dei har mista ein kjær ektemann, far og bestefar.

I hovudet mitt er dei eg vaks opp i lag med framleis barn og ungdomar. Av og til går det opp for meg at det er me ikkje lenger nokon av oss. Det er me som er dei vaksne. Det er me som er foreldre og ein del av oss er til og med besteforeldre.

Etterpå måtte eg klemma broren min litt før eg og syster reiste heim til henne for å eta varm tomatsuppe med makaroni, hardkokte egg og kneippbrødskiver med smør. Ikkje før me sat og åt gjekk det opp for oss at akkurat det måltidet ber med seg ein umiskjenneleg og kjennbar smak av barndomen vår i huset på Solås.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: