Ikkje ein heilt vanleg måndag
På måndag fekk me vera med på noko kjekt. Hilde, ei fin venninne av oss, skulle disputera for doktorgraden. Temaet var samspelet mellom religion og psykose. Biletet over er eit klokt sitat av Søren Kierkegaard, knipsa frå eit av prosjektorbileta. Temaet er kjempespennande, og eg har begynt å lesa sjølve doktoravhandlinga.
Ein doktordisputas er ei høgtideleg framstilling av ei avhaldling, med eit lite islett av det teatralske i form av ei nemnd i svarte kappar, opponentar som skal pirka i det dei opplever som svake punkt, og høgtideleg inn- og utmarsj i lokalet.
Når nokon har lagt ned eit så uendeleg stort arbeid i å skriva ei slik avhandling, så er det veldig kjekt at det høyrer med ei skikkeleg markering. Det at temaet var interessant og relativt forståeleg og for dei av oss som ikkje er psykiatarar, gjorde det ekstra fint å få lov til å vera med. Dette er eit tema som har interessert meg heilt sidan eg ein gong for uendeleg lenge sidan hadde sommarjobbar som ferievikar på psykiatrisk sjukehus og som heimehjelp hos menneske som var psykisk sjuke, og som samtidig fortalde at dei førde samtalar med Gud om nettene.
Forelesningane var på Ullevål sjukehus og i pausen midt i åt mesteparten av dei mange tilhøyrarane lunsj i sjukehuskantina. Det å vera på tur i Oslo med gode venner på ein måndag sist i august er i seg sjølv ikkje å forakta.
Før den store middagen om kvelden gjekk eg og ein Leif lang tur med trillekoffertane våre med innlagd kaffipause med Sunniva på Godt Brød på Bislett. Me trudde me hadde god tid på vår vandring frå Ullevål sjukehus til menighetshuset på Frogner der selskapet skulle vera. Det hadde me vel i utgangspunktet og, men gps-en på mobilen førde oss på ville vegar, så det var så vidt me nådde fram i tide til å få fem minutt til å skifta på seg finkleda på toalettet.
Lokalet var kjempefint, eit gammalt herskapshus på Frogner. Her var det mange talar, musikkinnslag, tre rettars middag og dans. Det er fint å få dela dei «høge tidene» i liva til vennene dine, dei som alltid vil bli ståande i ein spesiell glans som dagar ein ikkje gløymer.
Sett frå sidelinja, så ser det ganske fint ut å jobba med ein doktoravhandling, dette å verkeleg få lov å fordjupa seg grundig på eit lite felt ein har stor interesse av. Eg må sjølvsagt erkjenna at eg ikkje anar kva eg snakkar om.
Eit stykke ut på kvelden måtte me takka for oss, og koma oss på nattoget før det gjekk vestover utan oss. Me skulle jo på jobb neste dag. Det er alltid litt synd å gå glipp av ting, og mykje stod att av programmet, men det aller meste fekk me vel med oss.
Gratulerer, Hilde.
Heidi
Interessant tempa på disputasen! Og dikt med mykje sanning i.