Gå til innhald

Septembersommar

september 4, 2016

Me har hatt ein slik utruleg fin dag med sommartemperaturar og knallblå himmel. Eg og Anne Mette har ete lunsj ute i dobbel forstand og fått oss ein fin sundagstur langs havet. Slike dagar gjer godt. Når ein har sluppe taket og tenkt at nå er sommaren over, nå blir det haust, så er alle slike dagar rein bonus.

Sjølv om det er deilig og varmt ute, så ser eg at naturen er i ferd med å skifta fargepalett.
September er ein vakker månad.

Denne helga har me og feira eit lite jubileum. Odd Christian fylde tretti år i går. Eg hugsar at då eg fylde tretti følte eg at det var litt merkeleg. Nå var eg definitivt ikkje ungdom lenger. Det er ikkje mindre merkeleg å ha barn som har fylt tretti. Då er eg vel definitivt ikkje ung i det heile tatt… Anna enn i sjel og sinn sjølvsagt… Det er godt at grensene for den heilt naturlege alderen å vera i flytter seg i lag med oss. For å gjenta det eg skreiv på instagram i går: Av alt det rare eg har drive med dei siste tretti åra, så er det å vera mor det aller finaste.

Eg er så heldig å ha fått fire flotte ungar, og eg er så grådig at eg gjerne skulle hatt fire til.
Store familiar er noko av det finaste eg veit.

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: