Dei små tinga
Dei små tinga som gjer ein måndagsettermiddag først i september fin:
- at det er fint nok ver til å lesa bok i sola på terrassen
- at middagen er nesten ferdig når du kjem heim
- at nokon vil dra på fotosafari saman med deg
- ein malande katt i fanget
- reint sengetøy
- lukt i huset av nybakt brød
Så får det andre vera som det er til i morgon…
Heidi
Kommenter innlegget