Byvandring
Etter busstur og lunsj på ein fortausrestaurant, var tida komen for litt kunstopplevingar. Etter å ha stått lenge i kø for å få plass på ein turistbuss, var me førebudde på lang kø for å koma inn på kunstmuseet Prado. Merkeleg nok kom me rett inn.
Dessverre fann me fort ut at det var heilt forbode å fotografera til og med med mobil utan blits, noko eg i grunnen finn forståeleg. Det hadde bare vore kjekt å kunna visa nokre av bileta her, for det var så mykje fint.
Eg sende ein tanke og to til min gamle kunsthistorielærar, PIM, som på formingslærarskulen på Notodden loste oss gjennom landskapa til dei gamle malarmeistarane. Med den litt sjeldne kombinasjonen av ein nokså monoton forelesarstil med eit grenselaust engasjement i botnen fekk han meg til å bli veldig interessert i kunsthistorie, det skulle eg gjerne studera meir. Eg skulle og gjerne hatt nokre lange dagar med penn og skrivebok inne i kunstsalane på Prado, men det får nok bli ein annan gong. Malarkunsten romar så mykje av menneske sine tankar og kjensler, sjølv når dei livnærer seg av bestillingsverk i form av kyrkjekunst eller flatterande portrett av makteliten og barna deira.
Om ettermiddagen møtte eg Sunniva, som var ferdig med spanskundervisninga for dagen, og som gjerne ville ta meg med på vandring i bydelen Malanasa, som ligg eit stykke ovanfor Gran Via. Dette er eit fattigare strøk som har utvikla seg til ein hipsterbydel med mange rare små butikkar og kafear.
Her var det vintagebutikkar, små kunstbutikken, stadar ein kunne kjøpa dei merkelegaste former for kunsthandverk, platebutikkar med LP-plater, økologiske butikkar og new age- inspirerte butikkar. Det var mykje fint og mykje rart til ganske høge prisar, men eit veldig kjekt område å gå i.
Kanskje du drøymer om eit lite innramma plastilinarelieff av deg og kona? Her kan det ordnast. Det er bare å levera inn eit fotografi du er glad i.
Det var ikkje feil å få strekt føtene ein liten time før me la ut på ny vandring for å eta tapas i det same området. Me fann ein koseleg restaurant med kjempegod mat der me vart sitjande og ha det fint utover kvelden. Me nyt det me reknar med er siste smak av sommar i fulle drag, det var forresten ein skarpere tone av haust i lufta enn dagen før, sjølv om det var veldig godt og varmt midt på dagen.
Heidi