Skip to content

Luke 5- 2016

desember 5, 2016

image

Det er koseleg å begynna dagane med levande lys. Morgonane er mørke nå, og det å ha adventsamling med elevane med tenning av adventlys og høgtlesing medan det er mørkt både ute og inne er noko av det finaste eg veit i skulen. SIst veke tok eg med meg ei gruppe elevar og skreiv heksehistoriar i eit morgonmørkt rom, bare opplyst av stearinlys. Det var spennande. I dag har me tova englar av kvit ull og støypt juletrefot til juletrea me skal laga av ein pinne og papir.

Eg skulle unna dei av lesarane mine som sjeldan er der, ein dag i skulen. Eg er overbevist om at mange ville ha opplevd det intenst, travelt og nesten litt heseblesande, likevel håpar eg at dei ville fått ei oppleving av alt det fine som skjer mellom menneske i løpet av ein heilt vanleg skuledag. Eg sluttar aldri å la meg fascinera av å sjå ungar veksa opp. Eg har hatt fire av dei her heime, og tre gonger har eg høyrt til eit kull elevar alle åra frå dei begynner i første klasse til dei går ut sjuande.

Dei fleste åra har eg vore vanleg klasselærar og nokre år har eg vore mest spesialpedagog. Det å jobba så mykje med barn som ikkje får alt gratis har gjort at eg gleder meg ekstra mykje når nokon får til noko dei har strevd med å klara, og når nokon plutseleg får til meir enn både dei sjølv og dei vaksne hadde venta.

Det er blitt så in i tida å seia til barn at dei er fantastiske og at dei kan få til alt dei vil om dei bare prøver hardt nok. Alle som tenkjer seg om veit at det er ei sanning med store modifikasjonar. I ein del tilfelle er det blank løgn. Me er forskjellige og det er det meininga at me skal vera.

For å ikkje gå lenger enn til meg sjølv, så trur eg dei fleste som kjenner meg litt innser at eg aldri ville kunna bli ballettdansar, konsertpianist, høgdehoppar eller urmakar. Det er ikkje så farlig heller. Det er nok av ting eg har kunna bli. I skulen og i samfunnet elles så er utfordringa å støtta kvarandre slik at me kan bli ein god versjon av oss sjølve, det mennesket me er skapte til å vera. Sjølvtillit er viktig, tillit til andre og evna til å vera eit godt medmenneske er like viktig.  Dersom barna går ut i livet og veit at dei i eigenskap av å vera menneske har uendleg høg verdi, og at det har alle andre menneske og, så har me lukkast med noko viktig i skulen.

I ettermiddag hadde eg noko så koseleg som ein date med den eldste sonen min. Me var ute og åt middag saman, handla litt julegavar og drog på kveldsbesøk til mor og far. Heldige meg som har nokre av ungane buande i nærleiken. Eg gleder meg veldig til dei som ikkje gjer det kjem heim på juleferie. For ungane mine er ungane mine sjølv om ein av dei har runda tretti og dei tre andre er godt over tjue…

image

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: