Gå til innhald

Luke 11- 2016

desember 11, 2016

Inspirert av Nordnorsk julesalme, så fekk eg så lyst til å skriva ein julesong eller ei julevise inspirert av landskapet me bur i.  Som barn kjendest det nesten litt feil at me sat her i regn og vind og feira jul når alle visste at norsk jul var bitande kulde og kvite jorder i stjernelys med snødekte graner og eit halvvegs nedsnødd fuglenek fullt av dompappar.

Dei siste dagane har eg leika meg med å prøva å få til ein slik tekst. Eg ser med ei viss overrasking at resultatet er blitt mørkare enn eg eigentleg hadde sett føre meg… Eg tek sjansen på å leggja ut den foreløpige teksten her, og tek gjerne i mot gode råd-

24150234755_b8f73e3c8c_o

Jærsk julevise

Det er så mørkt på jorda i desember,
me drøymer om at lyset finn oss att,
når stormen piskar hav og draum og tanke,
og livet pakkar dagen inn i natt.

Ei stjerne lyser kvar gong himlen klarnar,
i trassig tru, så skin ho sterkt og klart,
ho seier lyset finst om natta tynger
og alt du ser er avmakt kledd i svart.

Me tenner lys og lykt og søkjer saman.
Me dekker bord, og håpet tek me med,
om styrken i å vera hos kvarandre,
og om vår gøymde draum om julefred

Der svarte skarvar står på kalde steinar,
og vintertrea bøyer seg i vind,
står husa her i rennedrev og reggen,
og lyser medan jula ringest inn.

Sjå ville stormkast ruskar hus og strender,
høyr nordavinden syng at Gud er stor,
nå møtest me med hjarte blikk og hender,
og trur på englesong om fred på jord.

Heidi

 

16227287622_6dd05d6382_o

4 kommentarar
  1. Steinar Hobberstad Fjeld permalink

    Eg blei sterkt berørt av jærsk julevise, ho traff noko som har vore sakna, men som nå er funne att, at ein kan kjenna seg heime i juletida også her, i det nakne landskapet, i havstormane, i lyset som fangar deg inn når alt opnar seg og viser vegen til ei stjerne som skin for deg sjøl i den mørkaste av alle netter. Tusen velsigna takk, Heidi! Jarfeld

  2. Irene Skjæveland permalink

    Tusen takk for ei flott julevise! Jeg ble veldig berørt, du treffer noe i meg. Jeg setter utrolig stor pris på det du skriver, og bruker det i div. Sammenhenger, men sier alltid at du er forfatteren. Igår kveld leste jeg julevisa på en førjulsfest og den ble tatt vel imot! Igjen takk, den var vakker!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: