Luke 15- 2016
Det er noko veldig fint med januarlyset. Store deler av døgnet er det mørke, morgengry eller skumring. Midt på dagen er lyset skarpt og nesten med ein blåtone i. Torsdagane mine er ofte den travlaste dagen i veka. Då går eg rett frå dagjobb til kveldsjobb, bare avbrote av lunsj på personalromet med veldig koselege kulturskulekolleger før eg tek i mot skriveelevame mine. Me startar skriveøkta med å setja oss i ring på golvet og leika språkleikar før me skriv.
Etter nokre veldig travle veker, så roar det seg nå…
Skulen er ein veldig fin arbeidsplass i desember. I dag var me på førjulssamling arrangert av femte klasse. Dei var kjempeflinke. Under versjonen deira av «Piken med svovelstikkene», gråt eg av all mascaraen.
Heidi