Luke 16- 2016
I dag har eg hatt gleda av å nyta ein dag her heime som eg har kunna bruka til å skriva julebrev og kosa meg med anna som eg liker å bruka tida på før jul. Her er eg litt kryptisk fordi det kan ha med julegavar å gjera. – Eg veit at det heiter julegåver på nynorsk, men det finst ting eg slit med å skriva på korrekt nynorsk: julegåver, julaftan, Noreg… Dei ligg så dårleg i munnen og på tastaturet, eg burde sikkert skamma meg…
Kanskje eg skal by på eit avsnitt av årets julebrev…
«Etterkvart som heimen blir komplettert med kjærastar og svigerbarn, så hender det eg prøver å sjå på oss sjølve med eit lite skråblikk… I eige liv representerer me sjølvsagt den aller mest naturlege måten å leva livet sitt, og følest som den inkarnerte normaliteten… Tanken har slått meg det siste året at me kanskje eigentleg er nokre raringar med alle skriveprosjekta våre, alt det rare Leif blir hekta på som salsa, tango og språkkurs i polsk og russisk. At eg spring rundt i kyrkjer og forsamlingshus med forteljingar, dikt og ei stor handdokke, og at eg skriv blogg nesten kvar dag, er det eigentleg over grensen til det spesielle? Er det litt smårart at me leikar vegetarianarar, syklar rundt på el-syklar, startar dagen med høgtlesing av tekstar og har skriverom der papirbunkene nesten når opp til taket? Eg sa ein gong til barna mine at dei måtte leva med å ha ein litt original far, og av ein eller annan uforståeleg grunn fekk eg høyra at viss eg trudde eg var mindre original enn han, så måtte eg tru om igjen… Me får håpa at me toler å bli viste fram utan at nokon “verte avskræmde” som det heiter på godt jærsk. Oddvar reknar me ikkje lenger som ein som kan skremmast. Han har levd med oss i tolv år eller noko slikt og er blitt ein av oss.»
Nå skal eg jobba litt meir med halvhemmelege prosjekt før eg gjer meg klar til å gå til Arne og Inger for å synga julesongar og eta julegeiter. Det blir sikkert kjempekoseleg.
Heidi