Luke 21 b- 2016
Det forrige innlegget var slik at det passa best til å få stå aleine. Sidan eg hadde meir eg hadde lyst til å skriva om, så fekk eg rett og slett oppretta luke 21 b… Sidan det går an å bu i 21 b når me snakkar om hus, så må det vel gå an i kalenderluker og.
I dag har eg vore på ein fantastisk fin julekonsert i Undheim kapell med Bjarte Lending, Jorunn Undheim og to veldig flinke musikarar. Dei song saman og kvar for seg, og var innom mange forskjellige sjangarar. Det er første gongen eg har høyrd «O helga natt» bli sungen på norsk med trekkspelakkompagnement. Det gav songen ein heilt ny karakter som eg likte.
For meg var det sjølvsagt eit høgdepunkt at julevisa mi, som Bjarte har sett melodi til vart urframførd, denne og med tonefylgje av trekkspel og gitar, noko som verkeleg kledde tekst og melodi.
I dag kom Sunniva heim, så nå er me fulltallige. Det var kjempekoseleg å samla alle rundt middagsbordet unntatt Leif som hadde ettermiddagsjobbing med kveldselevane sine i dag før han og kunne ta juleferie og reisa på konserten i lag med meg.
Eg håpar eg skal få lagt ut trekkspelvarianten av jærsk julevise her etterkvart. Me får sjå kva som kan ordna seg.
Heidi