Skip to content

Berlin sett heimefrå

mars 2, 2017

image

Så er me trygt heime att og vel så det. Turen har fått synka litt, og me har fått eit par dagar heime. Då me sjekka ut av hotelllet kjende eg at denne byen ville eg helst ha vore lenger i, og Heidi og Per Inge har eg lyst til å reisa meir saman med. Det er fine tankar å reisa heim med. Siste kvelden var me på jazzkonsert i ei bakgate litt i utkanten av det meste. Det var ein stad der unge lovande jazzmusikarar spelte gratis kvar sundag for å få spelt, og for å få vist seg fram. Det vart teke opp «kollekt» i ein av pausane, slik at dei skulle ha litt igjen for det. Gjengen over, med  Anna på piano og Gabriel på trompet spelte i meir enn to timar. Dei framførde musikk dei hadde laga sjølv, det var veldig fint å få høyra på. I det litt nedslitte konsertlokalet, organisert som kafe, selde dei ulike drikkevarer, ostetallerkenar og peanøtter. Lokalet var fullt, publikum lytta oppmerksomt og stemninga var god. Utruleg kva ein kan finna via google og fri tilgang til alle banar og bussar med ein firedagars billett…

image

På laurdagskvelden var me på konsert med Berlinfilharmonikarane. Bare konsertlokalet i seg sjølv var ei oppleving. Det minna meg litt opp operaen i Oslo, men eg trur det var endå større. Den største konsertsalen var innreda med ulike balkongar og seksjonar rindt ein stor scene i midten. Kanskje det går an å sjå det å biletet. Det geniale med måten romet var organisert på, var at veldig mange menneske kunne sitja slik at dei såg godt. Det er ikkje så ofte eg er på stadar der dei seil kanapear i baren, så det måtte me smaka på.

Det er heller ikkje ofte eg er på så stilfulle konsertar. Bare det å studera orkestermedlemmane er underhaldning i seg sjølv. På det meste hadde dei åtte kontrabassar og to harper på scenen. Programmet var Beethoven, Strauss og ein amerikansk Baker eg ikkje hadde høyrd om før. Dette har eg og Leif aldri prioritert å gjera før når me er ute og reiser, men det gav definitivt meirsmak.

Deler av sundagen brukte me på kunstmarknad på eit torg like ved det store kunstmuseet. Det var mykje fint der som eg hadde veldig lyst til å fotografera, men dei fleste kunstnarane tillot ikkje den slags. Det har kanskje med redselen for å bli kopiert å gjera. Eg spurde ein biletkunstnar om å få lov til å fotografera for å hugsa bileta, men vart ganske bryskt og kontant avvist. Han sa at det var ein prinsippsak og ingenting å diskutera, så då var det bare å godta at slik var det.

image

Dei bydelane me var mest i, i gamle Austberlin, er slike område som barna våre ville kalla hipsterstrøk. Det krydde av små kafeaar, vintagebutikkar, bruktbutikkar, veganarbutikkar og bakeri som reklamerte med at varene deira var økologiske og biologisk forsvarlege utan tilsetningsstoff. Unntaket var ein kafe ved sida av hotellet der dei hadde ein stor plakat som fortalde at her serverte dei ikkje veganarmat…

Det å besøkja byar som Berlin, fortel meg at verda på mange måtar er på veg inn i nye trendar og nye tidsepokar, me merkar det bare ikkje alltid så godt på Bryne. Sidan det var fastelavnssundag hadde damene blant oss bestemt at me skulle drikka sundagskaffi på ein kafe eller eit konditori og eta boller eller kaker. Det viste seg at mange hadde same ideen som oss ein sundag ettermiddag. Dei heimlege krembollane såg me lite til, men det bugna av kaker. Dei første plassane me forsøkte var overfylde, men så fant me eit koseleg lite konditori der det var bord til oss. Eg bestilte ein cappuccino, dei spurte kva slags mjølk eg ville ha i.  Då eg sa «vanleg mjølk», forklarte dei søte jentene som dreiv staden tålmodig at dette var ein veganarkafé, så det hadde dei ikkje. Derimot kunne eg velgja mellom mandelmjølk, havremjølk og soyamjølk. Eg gjekk for havremjølk og det smakte heilt ok…

Kakene var små kunstverk og laga heilt utan animalske element… Dei smakte godt. Dei små `bæra» på kunstverket til høgre er granateplefrø. Berlin sett både derifrå og heimefrå er ein fantastisk by. Ein veldig fin ting er og at det faktisk er ganske så mogleg å reisa dit med tog, om ein bare tek seg litt tid.

PS: Flyturen heim var heilt utan komplikasjonar.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: