Tidleg vår på Jæren
Det er fint heime og, når våren kjem stiltrande, først kjem han mest umerkeleg, men lyset er ikkje til å ta feil av. Dei første blomane blømer blygt i beda framfor husa. Ryktet går om at dei første vipene er registrerte på Jæren, sjølv har eg ikkje sett dei, men eg ser fram til møtet. I går var eg og Torun ute og gjekk lang tur i Sandtangen. Medan me stod på Midtgardsormen, den lange gangbrua over Frøylandsvatnet, kom det me er nokså sikre på var ein flokk med grågås. Me såg andrikar av ulik rase utføra små rituale for å gjera seg attraktive for endene. Torun har blitt veldig interessert i fuglar og forklarte meg litt om det me såg av strekkjing av hals og utspenning av venger. Me høyrde kvitring og fuglesong av ulikt slag, og meinte å kunna ana det fiolette sløret som kjem over bjørkene når dei skyt knoppar. Det er og kjekt å sjå at det ikkje er mørkt før klokka nærmar seg sju om kvelden.
Det er fint med vinterferie heime i eige hus og. Me har fått gjort slikt som me har hatt lyst til lenge, invitert naboar på kveldsmat, servert forsinka fastelavnsbollar til familien, bakt brød og rundstykke, utforska nye vegetarrettar, lese bøker og strikka til det verker i akslene. Det siste får eg forresten skriva i eg- form. Han eg deler hus med har ikkje gripe til strikkepinnane. Eg og Ingrid har gått turar nesten kvar dag. I dag var me nede på stranda og gjekk ein tur, for eg kjende at for min del var det litt for lenge sidan sist eg var der.
I dag gjekk høgvatnet så langt opp på Refsnesstranda at både eg og Ingrid opplevde at joggeskoa me optimistisk hadde teke på føtene vart gjennomvåte etter møte med nærgåande bølgjer. Ei fin og stor fjør låg klar til å skriva hemmelege dikt i sanden mellom avtrykk etter hundepotar, men det får venta til ein dag me er tørrskodde…
Eg har fått fred og ro til å jobba med eit par skriveoppdrag eg har teke på meg, og til å jobba med dei 200-300 dikta eg har liggjande som råmateriale. Eg håpar eg og Leif er klare med ei ny fellesbok til hausten.
Sekretæren min er alltid klar til skrivearbeid, og let seg rett og slett ikkje avvisa, sjølv når eg prøver å seia i frå om at eg godt kan jobba litt på eiga hand. Det hender ho både viskar vekk ting eg har skrive, og skriv seg eit og anna ord på eiga hand. Det er viss ikkje mi sterke side å avvisa nokon, ho tek rett og slett ikkje eit hint…
Som med alt anna arbeid med og utan katt… Ting Tar Tid. Og tida får eg bare finna meg i å ta til hjelp. Det er ei velsigning å ha så mykje arbeid eg har lyst til å utføra… Kanskje eg kjem med små smakebitar her etterkvart. Nå er det laurdagskvelden ser eg. Det kan tenkjast at eg rett og slett skal avslutta arbeidsdagen. God helg, alle saman.
Heidi