Sundag 7.mai
Nå får eg det sikkert til å sjå ut som om eg har jobba med Den- kulturelle- skulesekken-prosjektet i heile dag. Det har eg ikkje. Derimot var den tanken som fylde hovudet mitt då eg vakna klokka fem i dag morges at eg måtte finna ut kor elevane skulle sitja under poverpointpresentasjonen. På murgolvet? Skal me bera tretti stolar inn i utstillingslokalet? Skal eg visa powerpointen i eit anna rom med stolar, men utan kunsten?
Ting som dette vil eg heilt sikkert klara å bestemma meg for innan fredag, og det klarte eg å overbevisa meg sjølv om og, så eg sovna igjen. Får seia som Garborg: Alt lagar seg om ein ikkje kjem i ulage sjølv.
Og sundagen har vore innhaldsrik og lang. Eg har hatt sundagsskule i lag med helga og drive med løveinstruksjon. Eg har prøvd meg på kafe Sting si sjokoladekake og hatt deler av storfamilien på kaffi, eg har brukt store deler av dagen på koselege formingsprosjekt som gjer meg glad og kommunisert med gode venninner på sms,
Sidan eg ikkje har vore på lang tur i dag, for å vera ærleg, bare fram og tilbake til kyrkja, så lener eg meg mot den doble helseteorien eg høyrde nettopp: Det er to ting som gjer godt for helsa di: Trim og ting du har stor glede av. Akkurat i dag vart det mest av kategori nummer to. Hadde sundagen kunne bydd på fleire timar hadde eg nok rukke turen og…
Sidan eg er litt overtrøytt, så gleder eg meg ikkje bare over det politiske aspektet i det franske valet. Eg synest det er så bokstaveleg talt søtt at den komande presidenten i Frankrike heiter noko så delikat som hr Macron. Ein dag måtte det gå vår fonetiske veg og, det er bare til å innrømma at Tusk og Trump ikkje høyrest så fint ut på norsk. Donald kan vel og diskutera, men hr Macron, han får ein rett og slett lyst til å laga ei koseleg pastellfarga norsk biletbok om…
Me har ikkje hatt tid til å gjera noko som helst med blomane ute endå, men inne har det skjedd to små under… Kaktusen i kjøkkenvinduet blømer, og ein orkide som eg hadde tenkt å hiva fordi det ikkje har vore blomar på han på det eg kan hugsa, stod plutseleg med blomar han og. Kanskje eg har bittelitt grønfarge på fingrane likevel?
Heidi
Kommentarfeltet er stengt.