Maisommar – 6.mai
Det er fantastisk å vakna til nydeleg sommarver. Sjølv om eg hadde planar om å få gjort ting som måtte gjerast innandørs, så unna eg meg frokost og ein strikkestart på dagen med kaffi i sola. Eg måtte og ned i kjellaren for å leita etter sommarkleda. Solkrem er ikkje heller det ein kjøper inn når det er tre grader og snøslaps, så me får ta sommaren sånn litt etterkvart viss han har tenkt å bli her til me kjem så langt.
Denne helga har eg sett av til å førebu eit opplegg eg har sagt ja til å laga til Den kulturelle skulesekken. Han som opprinneleg skulle ha dette prosjektet måtte trekkja seg, og så vart eg spurd. Sidan eg er i overkant lett å overtala til ting, så hadde eg plutseleg sagt ja til å ta i mot alle sjuandeklassane i kommunen for å presentera dei for kunsten til kunstnaren Andreas Bøe, som har fast utstilling på mølla etter å ha gitt ei stor kunstgåve til Time kommune. Eg veit at eg liker å halda på med slikt, eg har tidlegare hatt fire kunstformidlingsprosjekt for skulane i kommunen og to forestillingar i den Kulturelle skulesekken, ein om livet til HC Andersen i lag med Jan Ivar, og eit om barndomen til Arne Garborg. Det eg ikkje var klar over då eg sa ja, var at dei biografiske opplysningane var mykje vanskelegare å få tak på… Men nå føler eg at eg har det under ein viss kontroll. Eg har og vore i kontakt med sonen til andreas Bøe, som eg skal ringa til i morgon for å få vita meir, og eg har fått god hjelp av Leif Andenes.
Eg synset at både kunst og levd menneskeliv er veldig interessant, så det å få lov til å ta eit djupdykk i begge deler, gir meg stor glede. Eg skulle bare ynskja at eg hadde meir tid, men når forholda er som dei er, så er det bare å kasta meg uti det. Eg håpar eg skal klara å gjera kunsthistorie interessant for store gruppar av sjuandeklassingar. I tillegg til å få kunst presentert, så skal dei få prøva seg på skapande skriving. Eg kjenner eg er veldig spent på dette, og håpar at eg klarer å behandla oppdraget med den rette respekten. I tillegg håpar eg at elevane vil synast det er ok å vera der, at dei vil læra noko, og at nokre av dei vil oppleva det inspirerande på litt lengre sikt og.
Eg har fått stor respekt for kunstnaren Andreas Bøe, som eg må innrømma at eg i utgangspunktet visste lite om, mange av bileta hans synest eg er fantastisk inspirerande. Eg vurderte å setja inn eit par av dei her, men eg veit ikkje om eg vågar av rettighetsgrunnar. Det eg kan prøva er å leggja ei lenke til kunstnaren si heimeside på facebook. Det må vel vera lov.
https://www.facebook.com/kunstnerandreasboe/?fref=ts
I morgon har dei og lova finver. Dette kan eg lika.
Heidi